Gabriel Frøholm (7. januar 1893–1973) var ein norsk sivilingeniør, major og forfattar. Frøholm var fødd i Innvik i Stryn kommune. Han tok eksamen artium 1916 og Krigsskulen 1916–18 og var assistent i bygningsfag på Noregs landbrukshøgskule på Ås 1924–28. Frøholm var ingeniør i Statens vegvesen frå 1929 og arbeidde ved vegkontora i Hordaland, Telemark, og Akershus (frå 1948).

Han kom tidleg med i både mållag og ungdomslag og hadde mange verv. Han arbeidde for fråhaldssaka i ymse losjar og lag innanfor Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund (NSUA) og IOGT, og i Motorførernes Avholdsforbund (MA). I 1916 var han med og skipa Landsforeningen Bort med Tobakken.

I høg alder gav han ut tre bøker på eige forlag: Med veg skal landet byggjast (1970), Med veg skal Europa samlast (1971) og Med veg skal verda vinnast (1972). Vegbyggjaren Frøholm, som alltid hadde framheva verdien av trygge vegar, omkom i ei utforkøyring.

Fagmannen Gabriel Frøholm såg alltid etter dei viktige samanhengane og meinte at gode vegar var grunnlaget for framgang både i tryggingspolitikk, næringsliv og kulturutvikling. Han var lommekjend i norsk geografi. Denne kunnskapen kombinerte han med høg fagleg innsikt, oppdatert kunnskap om vegbygging og trafikkutvikling i andre land og evne til å sjå etter nye løysingar. Resultatet blei mange og framsynte framlegg som ofte var så langt føre si tid at han både blei latterleggjord og omstridd. Kongstanken hans var å byggje doble tunnelar, éin for kvar køyreretning. Det ville både gjere trafikken tryggare og minke kostnadene, meinte han. Mange vegløysingar og traséval hadde Frøholm utgreidd mange tiår før dei blei gjennomførte. Alt i 1958 tok han til orde for gjennomgåande t-baner og jernbanelinjer i Oslo; t-banene mellom vest og aust blei knytte saman med Stortinget stasjon i 1987. I 1970 argumenterte han sterkt for heilårsveg Oslo–Bergen med ny veg og tunnel Lærdal-Aurland; han vart opna i 2000. Når det skal lagast stamveg Ålesund–Stavanger, skreiv han i 1970, bør det byggjast tunnel gjennom fjellet Kviven mellom Volda og Hornindal for å lage ferjefritt samband Sunnmøre–Nordfjord; bygginga tok til i 2008.

Breitt orientert som han var, såg han mange sider ved samferdsla i originale og forfriskande perspektiv. Mennesket bygde frå først av alle vegar oppe på marka, skreiv han i 1972, og det er først dei siste hundreåra folk har funne på å byggje jernbanestrekningar og vegar i tunnelar. Det var likevel ikkje vegtrafikken som fekk folk til å byggje tunnelar: Dei lange gangane inn til kongegravene i Egypt må reknast som dei første tunnelane.

Målmannen Frøholm såg ein klar samanheng til faget sitt. Han var sikker på at gode vegløysingar med betre samband mellom bygdene ville styrkje livsgrunnlaget for dei og dermed rammevilkåra for nynorsk.

Frøholm tok eksamen ved Krigsskulen i 1918 med eit av dei beste resultata som hadde vore oppnådd til då. I 1940 var han stasjonert i Østfold. Der drog 3000 mann frå nøytralitetsvakta over til Sverige 14. april, men major Frøholm blei ståande med sine folk. Fornorsking av språkbruken i Forsvaret var ei viktig målpolitisk sak i tiåra før 1940. Frøholm la vekt på å utforme militærkommandoane på lytefri nynorsk. Der han stod i beit, hadde han standardkommandoen klar: «Gjev gaum!»

Frøholm sa at han lærte alle former for rettskriving av norsk den hausten han var lærar ved det nyopna Eidsvoll offentlige landsgymnas i 1923. Skriftene hans er framleis gode føredøme på nynorsk språkføring. Dei kortfatta, innhaldsrike bøkene med sine lange, bokstavrimande undertitlar vitnar om ein person med sans for stramme former og vide perspektiv.

Bibliografi

Bøker

  • 1970 – Med veg skal landet byggjast : med bru og tunnel skal vegen kortast og tryggjast (Oslo: Frøholm-forlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1971 – Med veg skal Europa samlast : frå Atlanterhavet til Svartehavet : med klokskap, kunnskap og kraft, for framgang, fridom og fred (Oslo: Frøholm-forlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA