Fram i lyset – turné i Nordfjord

Nordfjordbiblioteka Gloppen, Selje, Vågsøy, Eid, Stryn og Bremanger arrangerer turné med Ove Eide våren 2018. Eide skal presentere sin litterære kanon for Sogn og Fjordane. Biblioteka ynskjer med turnéen at fleire skal verte kjende med og ta i bruk den lokale litteraturen.

Det er truleg ingen andre i fylket som har slik inngåande kunnskap om litteraturen frå Sogn og Fjordane enn Ove Eide, og det gjeld både den eldre og den nyare litteraturen. Samtundes har Eide god oversikt over norsk litteratur generelt etter eit langt yrkesliv som norsklærar, der han òg har vore med og utarbeidd nasjonale læreplanar og læreverk for norskfaget i den vidaregåande skulen.

Turnéen vert gjennomført med støtte frå Fritt Ord, som i år yter midlar til arrangement  som handlar om kanonisering av litteratur. Lokale høgtlesarar vert med på arrangementa.

Turneplan

Nordfjordeid – måndag 26.2. kl. 19
Stryn – torsdag 1.3. kl. 18
Selje – måndag 5.3 kl. 19
Vågsøy – onsdag 7.3 kl. 19
Gloppen – måndag 12.3 kl. 19.30
Bremanger – torsdag 15.3. kl. 18

Gratis inngang!

 

Skjønnlitterær kanon, Sogn og Fjordane

  • Claus Frimann (1746-1829) – åndelege songar
  • Kristian Elster d.e. (1841-1881) – romanar
  • Matias Orheim (1884-1958) – salmar
  • Knut Gjengedal (1900-1973) – romanar
  • Sigurd Kvåle (1902-1962) – noveller
  • Jakob Sande (1906-1967) – dikt
  • Kari Bakke (1908-1998) – dikt
  • Elling Vanberg (1937-1993) – dikt og prosa
  • Jon Tolaas (1939-2012) – dikt og prosa
  • Eldrid Lunden (1940 – ) – dikt
  • Rolf Losnegård (1946- ) – skodespel
  • Hans Sande (1946 -) – romanar, dikt m.m.

Kanonen er utarbeidd av Ove Eide i 2016, på oppdrag av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.
Alle forfattarane debuterte før 1990.

Lagt inn av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.
Gå til artikkelarkivet >>
0 Svar

Gi tilbakemelding

Vi tar gjerne imot tilbakemeldingar. Har du synspunkt på sida? Ser du feil eller manglar? Har du opplysningar å tilføye eller bilete å dele med oss? Send inn melding!
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *