Frode Aga (fødd 1977) er ein norsk journalist, forfattar og musikar. Han er fødd og oppvaksen i Årdal og busett i Oslo. Aga har vore journalist i Sogn Dagblad, Årdal & Lærdal avis, Firda og Sogn Avis, og har vore frilansjournalist i Oslo, for så å bli tekstforfattar i reklamebyrået PR-operatørene.

Aga gav ut boka 52 opplevingar i Sogn saman med fotograf Olav Øygard i 2008.

Som musikar har Aga gitt ut plater med gruppene Nuisance (Eye i 1995 og Inside Out i 1996) og Popscore (Too Late To Turn – Too Early To Panic i 2002).

Bibliografi

Bøker

  • 2008 – 52 opplevingar i Sogn : natur, historie, smak, kultur, aktivitetar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-117-7  [Av Frode Aga og Olav Øygard]

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA