Forfattarmøte med Marianne Clementine Håheim og Kjersti Wøien Håland

Fylkesbiblioteket arrangerer i samarbeid med biblioteka i Nordfjord forfattarmøte med Kjersti Wøien Håland og Marianne Clementine Håheim våren 2017. Turnéen er støtta av Fritt Ord.

Turnéen går frå 20. til 29. mars, og programmet har form som ein samtale om forfattarskapane.

Håheim og Håland er to unge forfattarar frå Sogn og Fjordane som har markert seg som interessante stemmer i norsk litteratur dei siste åra. Begge er representerte i antologien Ren poesi som kom i 2015, og som inneheld om lag 100 dikt som først var publiserte på biletdelingstenesta Instagram.

Marianne Clementine Håheim (fødd 1987) frå Jølster kom med si første bok i 2012, diktsamlinga Bilydar. «Oser av talent», melde Brynjulf Jung Tjønn i VG, og «I Marianne Clementines poesi møtes litterær selvbevissthet med ekte fortvilelse», skreiv Bjarne Markussen i Fædrelandsvennen om utgjevinga. Tre år etter kom boka Svart belte, ei sterk historie om ei ung jente som sakte, men sikkert svelt seg sjuk. Som lesar får vi innblikk i verdsbiletet til ein anorektikar, vi opplever stålviljen og oppfinnsamheita hennar, korleis ho gradvis forsvinn inn i eit univers der dei kring henne ikkje lenger kan nå inn til ho. Les meir om Marianne Clementine Håheim

Kjersti Wøien Håland (fødd 1988) frå Høyanger debuterte i 2013 med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti. Året etter kom romanen Dommedøgn, og i 2015 vart lyrikkboka Panikk! gitt ut. Dommedøgn handlar om bebuarar på staden Berg og deira kamp for tilveret under eit trugande fjell og i ein situasjon der hjørnesteinsbedrifta skal leggast ned. Boka vart nominert til Ungdommens Kritikerpris i 2015. I juryuttalen heiter det mellom anna: «…gripende beretning om hvordan menneskene som bor i Berg leter etter mening når hjemstedet deres er i ferd med å bli tømt for funksjon». Les meir om Kjersti Wøien Håland

 

Lagt inn av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.
Gå til artikkelarkivet >>
0 Svar

Gi tilbakemelding

Vi tar gjerne imot tilbakemeldingar. Har du synspunkt på sida? Ser du feil eller manglar? Har du opplysningar å tilføye eller bilete å dele med oss? Send inn melding!
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *