Forfattarnettstad for Nord-Noreg

I utviklinga av nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» har vi samarbeidd med Nordland fylkesbibliotek. Dei nøyer seg ikkje berre med forfattarar frå Nordland, men dekker alle dei tre nordlegaste fylka. På «Litteraturnett Nord-Norge» finn du informasjon om nordnorsk litteratur og nordnorske skjønnlitterære forfattarar. I enkelte tilfelle tar dei også med bøker med handling lagt til nord.

Til no er det over 500 forfattarar på sida, men det blir stadig lagt til fleire.

Ta gjerne ein kikk på Litteraturnett Nord-Norge.

Lagt inn av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.
Gå til artikkelarkivet >>
0 Svar

Gi tilbakemelding

Vi tar gjerne imot tilbakemeldingar. Har du synspunkt på sida? Ser du feil eller manglar? Har du opplysningar å tilføye eller bilete å dele med oss? Send inn melding!
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *