Finn  Loftesnes
string(18) "Finn_Loftesnes.jpg" string(14) "Finn_Loftesnes"

Finn Loftesnes

Fødd: 1947

Finn Loftesnes (fødd 1947) er ein norsk lærar, fotograf og forfattar. Han er frå Sogndal. Loftesnes har vore lærar i friluftsliv og naturfotografering ved Sogndal Folkehøgskule. Han har levert naturfoto til ei rekkje praktbøker, og han har hatt eigne utstillingar av naturfoto.

Saman med Tom Dybwad gav han ut ei praktbok om Nærøyfjorden – Verdsarv Nærøyfjorden (Selja Forlag 2006). Loftesnes har vore hovudfotograf i fleire Opptur-bøker (Selja Forlag), og var både forfattar og fotograf av boka Opptur Jotunheimen (Selja Forlag 2009). I 2011 kom Opptur Nærøyfjorden som han har skrive og teke foto til, saman med Tom Dybwad. I 2012 gav han ut praktboka Opplev Sognefjorden (Skald Forlag) saman med Ingrid Loftesnes. I 2014 gav Selja Forlag ut ei ny turbok – Opptur kysten Bergen-Stad – med foto av Loftesnes og tekst av Knut Magne Nesse.

Bibliografi

Bøker

  • 2005 – Opptur : 267 fotturar i Sogn og Fjordane (Førde: Selja i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag) . ISBN 82-91722-47-175  [Forfattar Anne Rudsengen ; hovudfotograf Finn Loftesnes]
  • 2006 – Verdsarv Nærøyfjorden (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-59-5  [Forfattar Tom Dybwad ; hovudfotografar: Finn Loftesnes og Tom Dybwad]
  • 2007 – Astrup : Nikolai Astrup og Jølster (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-77-1  [Tekst: Solveig Berg Lofnes ; hovudfotograf: Finn Loftesnes. I serien Selja reise & kultur]
  • 2007 – Fjærland (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-78-8  [Tekst: Hilde Mauritzen ; hovudfotograf: Finn Loftesnes. I serien Selja reise & kultur]
  • 2007 – Førde : [frå steinalderen til Himmelbrua] (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-76-4 13  [Tekst: Hans Jakob Reite ; hovudfotograf Finn Loftesnes. I serien Selja reise & kultur]
  • 2007 – Jostedalsbreen (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-79-5  [Tekst: Erik Solheim ; hovudfotograf: Finn Loftesnes. I serien Selja reise & kultur]
  • 2007 – Opptur Hordaland : 276 fotturar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-75-7  [Av Anne Rudsengen, Finn Loftesnes (fotogr.)]
  • 2009 – Opptur Geirangerfjorden : 93 fotturar kring tre verdsarvfjordar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-003-9  [Av Merete Løvoll Rønneberg og Finn Loftesnes]
  • 2009 – Opptur Jotunheimen : 125 fotturar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-006-0
  • 2009 – Opptur Jotunheimen : 125 hikes (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-009-1  [Engelsk utgåve]
  • 2011 – Opptur Nærøyfjorden : 88 turar kring verdsarvfjordane (Førde: Selja) . ISBN 9788282400411  [Av Finn Loftesnes og Tom Dybwad]
  • 2012 – Opplev Sognefjorden : ein reiseguide til Noregs hjarte (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-186-3  [Av Ingrid Loftesnes & Finn Loftesnes (foto).]
  • 2012 – Opptur Bergen : 151 fotturar i 10 kommunar (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-056-5  [Av Knut Langeland & Finn Loftesnes (foto)]
  • 2013 – Explore Sognefjorden : a travel guide to the heart of Norway (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-198-6  [Av Ingrid Loftesnes & Finn Loftesnes (foto).]
  • 2014 – Opptur kysten : Bergen-Stad : 30 ruter, 116 flyfoto, 663 opplevingar : vandring, sykling, bil, båt, kultur, pilegrim (Leikanger: Selja) . ISBN 978-82-8240-078-7  [Av Torkjell Djupedal, Knut Magne Nesse og Finn Loftesnes]
  • 2014 – Opptur Oslo : 105 fotturer i Oslo-området (Leikanger: Selja) . ISBN 978-82-8240-082-4  [Av Knut Sørgaard, Erling Gunnufsen og Finn Loftesnes]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA