Erlend Vinjum

Fødd: 1933 Aurland

Erlend Vinjum (fødd 1933) er ein norsk lektor, stadnamnforskar og forfattar. Han er fødd i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Vinjum er cand.philol. med fagkrinsen norsk hovudfag, historie mellomfag og kunsthistorie grunnfag. I 1954-55 tok Vinjum NATO`s flygeskule i Canada, og i nærare 10 år tenestegjorde han som flyoffiser. Seinare underviste han i vel 30 år ved Hokksund gymnas og Eiker vgs.

I 1970 skreiv Erlend Vinjum hovudoppgåva Stadnamn i Aurland ved Universitetet i Bergen.

Bibliografi

Bøker

  • 1970 – Stadnamn i Aurland (Bergen)
  • 2004 – Aurland : stadnamn og kulturhistorie (Aurland) . ISBN 82-996949-0-6
  • 2009 – Johannes Vinjum : bror og biletkunstnar (Oslo: cop. Johannes Vinjum/BONO) . ISBN 978-82-996949-1-9  [Inneheld 1 cd i foldar : Grethe Berge intervjuar Johannes Vinjum like etter opninga av Festspelutstillinga , 5. juni 1984]

I bøker – eit utval

  • 1991 – Glimt frå Aurlandssoga : 1. Samling av artiklar frå Aurland (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-31-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Skriftstyrar: Anders Ohnstad. Av innhaldet: Innsamling av stadnamn / Erlend Vinjum. Omstridde tolkningar / Erlend Vinjum]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • 2009 – Johannes Vinjum : bror og biletkunstnar (Oslo: cop. Johannes Vinjum/BONO) . ISBN 978-82-996949-1-9  [Om Erlend Vinjum på baksida av bokomslaget]

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA