Else Myklebust (fødd 1938 i Svelgen i Bremanger kommune) er ein norsk journalist og programleiar i NRK.[1] Ho er kjend for å dekka tabubelagte tema og vald.

Bakgrunn og karriere

Myklebust har cand.mag.-eksamen frå Universitetet i Oslo. Frå 1969 til 1994 var ho programsekretær i NRK. I 1974 laga ho fire program om kvinna sin situasjon, saman med Marianne Wieser. På midten av 70-talet leia ho og Kjell Kjær ungdomsprogrammet Lefsa om ungdomsklubbar og generasjonskløfta.[2] I 1978 leia ho serien Eg elskar verda, men ikkje fattigdomen med opptak frå Caracas. Ho var også programleiar og medarbeidar i TV-programmet Sosialkanalen i ei årrekke. Myklebust var med i Norsk språkråd 1976-1983.

I 1980 og 1981 leia ho programmet Nærsynet saman med Berit Hedemann og Ragnar Baartvedt, der ho mellom andre intervjua kampsportutøvar Bente Ottersen. Myklebust vart med sjølv og vart leiar av sjølvforsvarsgruppa «Kvinner i kamp» og gav ut bok om emnet saman med Ottersen i 1985. Boka dekker også stoff innsamla på studietur til USA i 1983 om kvinnevald. I 1984 fekk ho temaet inn på NRK mellom anna i programmet Valdtekt ein vond sirkel og Dagsrevyen. Same hausten starta ho serien Ingen rom er trygge på NRK, om incest, der dei mellom anna viste den amerikanske Det er noe med Amelia frå 1984. Filmen …og la den vandre frå 1987 handla om valdtekt.[3]

Saman med Indra Lorentzen utvikla ho ei førestilling om menn som slår, vist på Sosialkanalen i februar 1988. Den sju minutt lange teiknefilmen Trøbbel, om utuktig omgang med barn, laga ho med filmskaper Anna Tystad Aronsen og Bente Ottersen. Han vart først vist for vaksne, deretter for barn på Barne-TV.[4] I 1992 leia ho og Lillian Fjellvær TV-serien Alle Tiders Reklame på NRK. Med Gerd Inger Polden laga ho filmen Taushet er gull, om sexkjøp under Vinter-OL 1994. Han vart klipt på grunn av bruk av skjult mikrofon, før han vart vist på Sosialkanalen.[5]

Myklebust slutta i NRK I 1994. Seinare har ho arbeidd som pedagog med Feldenkraismetoden.

Bibliografi

Bøker

  • 1985 – Tørk tårene, knytt nevene : om kvinner og selvforsvar (Oslo: Friundervisningens forlag) . ISBN 82-7020-236-3 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Else Myklebust og Bente Ottersen]

Prisar

  • Hirschfeldtprisen 1986 for ein programserie om seksuelle overgrep mot barn[6]

Kjelder

Referansar

  1. Elsebeth Frey, Livet etter deadline i bladet Journalisten den 31. januar 2003.
  2. Er alle unge slik? i VG den 9. desember 1976.
  3. Wenche Lie, Voldtektsfilm: Sjokk! i Aftenposten den 24. oktober, 1987.
  4. Tor Hartvig Bondø, Barne-TV avslørte sexmisbruk? i VG den 15. oktober, 1988.
  5. NRK fjernet intervju med sexkunder i Aftenposten den 31. mai, 1994.
  6. Pris for TV-program i Aftenposten den 16. april 1986.


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA