Elly Oppedal (fødd 1918) er ein norsk forfattar og lærar. Ho er frå Vågsøy. Oppedal har arbeidd fleire stader i landet, og sist ved Måløy vidaregåande skule i Vågsøy.

Elly debuterte som 12-åring i barnebladet Magne, men ho brukte då ikkje eige namn. Ho har seinare fått publisert arbeida sine i mellom anna Vinduet. Ho har også vore aktiv i Sogn og Fjordane skrivelag.

Bibliografi

Bøker

  • 2000 – Tiriltungetid : dikt og små prosastykke (Måløy: Elsi forlag) . ISBN 82-995514-1-2

I bøker – eit utval

  • 1995 – Vengeslag : 10 år Sogn og Fjordane skrivelag 1985-1995 (Nordfjordeid: Sogn og Fjordane skrivelag) . ISBN 82-993603-0-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Inneheld dikt av Elly Oppedal, s. 56-58]
  • 2005 – Tankar møtest : antologi 2005 (Nordfjordeid: Sogn og Fjordane skrivelag)  [Inneheld dikt av Elly Oppedal]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Jul i Nordfjord 2003

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA