Elias Monsen Aardal

Fødd: 1880

Død: 1968

Elias Monsen Aardal (1880–1968) var ein norsk lærar og forfattar, fødd i Aardal i Breim i Gloppen kommune. Han gjekk på Elverum lærerskole frå 1898 – 1900, og han var lærar mellom anna i Årdal i Sogn, Breim, Herøy i Helgeland og Høgsfjord. I perioden 1919 – 1943 var han lærar i Høyland utanfor Sandnes.

Han gav ut ei minnebok frå 1890-åra frå heimbygda, og to diktsamlingar, den eine med tema frå Breim.

Bibliografi

  • 1955 – Minne fra Aardal i Breim i 1890 åri (Sandnes)
  • 1956 – Natur og folkeliv i Erling Skjalgson sitt rikje (Sandnes)
  • 1958 – Breim i Nordfjord (Sandnes)

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA