Eli  Kari  Gjengedal
string(55) "Eli_Kari_Gjengedal_2010-07-25_Friluftslivshelg_Hyen.jpg" string(51) "Eli_Kari_Gjengedal_2010-07-25_Friluftslivshelg_Hyen"

Eli Kari Gjengedal

Fødd: 24. mars 1971

Eli Kari Gjengedal (fødd 24. mars 1971 i Leikanger) er ein norsk forfattar. Ho er kanskje er mest kjend som tidlegare vêrpresentatør i StormGeo med ein sterk nynorsk profil, der ho mellom anna presenterte vêret på TV 2 frå 2000 til 2012. I tillegg har ho i små periodar vore programleiar på kanalen.

Eli Kari Gjengedal er utdanna som akvaingeniør og har i tida før jobben i fjernsyn arbeidt som servitør, bartender og hovmeister. I 1999 tok ho bartenderprøven og har fleire gonger deltatt i NM i cocktailmiksing. Denne kunnskapen nytta ho i den første boka si, Cocktail – 44 vegar til fin bris frå 2005 på Skald forlag, med oppskrifter på drinkar og soger frå utelivsbransjen.

I 2007 gav ho ut den nynorske barneboka Karl Oscar i hardt vêr, illustrert av Ingunn Elida Wiken, om katten Karl Oskar som brukar eitt år på å finne heim att, i all slags vêr, etter å ha kome bort frå familien på sommarferie. Samstundes forklarar ho dei ulike vêrfenomena som Karl Oscar vert råka av på ein enkel måte for born.

Ho er òg kjend for å ha sunge ei heil vêrmelding som eit reklamestunt på TV 2 i 2009. Klippet vart sett av over 150 000 på nettsida. 11. november 2011 hadde ho på seg ein romdrakt frå VilVite-senteret i Bergen, medan ho presenterte vêret.

Bøker

  • 2005 – Cocktail : 44 vegar til fin bris (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-050-1
  • 2007 – Karl Oscar i hardt vêr (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-108-5
  • 2010 – Værtegn i Norge : over 450 varsler og tegn fra hele landet (Oslo: Kagge) . ISBN 978-82-489-0983-5
  • 2011 – Moro med vær (Oslo: Kagge) . ISBN 978-82-489-1112-8
  • 2012 – Vanvittig moro med vann (Oslo: Kagge) . ISBN 978-82-489-1217-0

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA