Eli  Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal

Fødd: 28. februar 1972 Luster

Eli Bjørhusdal (fødd 28. februar 1972 i i Luster kommune) er ein norsk akademikar, skribent, bloggar og målkvinne. Bjørhusdal har tidlegare vore nestleiar i Noregs Mållag og sentralstyremedlem og nestleiar i Norsk Målungdom.

Utdanning og karriere

Bjørhusdal har doktorgrad (ph.d.) frå Universitetet i Oslo 2014 med avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005. Avhandlinga er ein argumentasjonsanalyse av offentlege språkpolitiske styringsdokument frå jamstillingsvedtaket i 1885 til 2005. Avhandlinga konkluderer med at norsk språkpolitikk i perioden ikkje har vore grunngjeve med å styrkje mindretalsspråket nynorsk, men med å styrkje ein språkleg nøytralitetspolitikk.

Bjørhusdal har nordisk hovudfag frå Universitetet i Oslo (ferdig vår 2000). Ho skreiv i hovudfagsoppgavå Målkvinner før 1900 om målrørsla, målkvinner og kvinnepolitikk. Denne vart publisert som ein del av bokserien Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet i 2001. Etter hovudfaget tok Bjørhusdal praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (ferdig vår 2001). I hovudoppgåva går Bjørhusdal i rette med tidlegare framstillingar av målrørsla som mannsdominert og kvinneundertrykkjande. Ho argumenterer for at målrørsla før 1900 var langt framme i praktisk kvinnepolitikk og at målkvinner som Aasta Hansteen, Hulda Garborg og Synnøve Riste var damer som representerte ein bygdefeministisk norskdomstradisjon.

Fram til 2005 jobba Eli Bjørhusdal som lektor i i grunnskulen og i vaksenopplæringa i Luster kommune. I 2006 vart ho tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som stipendiat i norsk. Frå 2012 var ho høgskulelektor i norsk same stad og frå 2014 førsteamanuensis. Sidan 2000 har ho vore busett i Jostedalen i Luster kommune.

Bibliografi

Bøker

  • 2001 – Arne Garborg : eit debatthefte (Oslo: Noregs Mållag) . ISBN 82-7339-050-0  [Red. av Eli Bjørhusdal]
  • 2001 – Målkvinner før 1900 (Volda: Høgskulen i Volda) . ISBN 8276611397  [Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr 12. Frå føreordet: Denne studien er ein lite omvølt versjon av det eg leverte som hovudoppgåve i nordisk ved Universitetet i Oslo våren 2000]
  • 2014 – Mellom nøytralitet og språksikring: Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005 (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane) I fulltekst  [Avhandling til ph.d.-graden ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Oslo 2014.]

I bøker – eit utval

  • 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue – 70 (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-140-5  [Red. av Aage Engesæter, Jan Inge Fardal, Lars Nes. Av innhaldet: Morgon for frie menn : om essayforma til Johs. B. Thue / Eli Bjørhusdal, s. 31-36]
  • 2013 – Kva skal vi med sidemål? : argument og fakta (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8308-5  [Forfattarar: Janne Nygård og Vebjørn Sture. Av innhaldet: Språkskifte med eit skuldertrekk / Eli Bjørhusdal, s. 96-100]
  • 2015 – Nye røyster i nynorskforskinga (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8845-5  [Red. av Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland. Av innhaldet: Nøytralitet eller nynorsk? : språkpolitiske hovudprinsipp i norsk opplæring / Eli Bjørhusdal, s. [104]-119]
  • 2016 – Offentleg sektor i endring : Fjordantologien 2016 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 978-82-15-02771-5  [Red. av Jørgen Amdam, Randi Bergem og Finn Ove Båtevik. Av innhaldet: Strategiar for språkleg velferd / Eli Bjørhusdal, s. 97-113]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA