Einar Kringlen

Fødd: 6. juni 1931

Einar Kringlen (fødd 6. juni 1931) er ein norsk professor i psykiatri. Han er fødd i Høyanger og busett i Oslo. Han vart cand. med. i 1958 og dr. med i 1967. Kringlen var professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen 1969-1971 og professor i medisinsk åtferdsfag 1967-1983. I tida 1984-2001 var han professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og administrativ overlege ved Psykiatrisk klinikk, Vindern i Oslo.

Kringlen har utført omfattande tvillingstudiar og epidemiologiske undersøkingar av utbreiinga av psykiske lidingar i befolkninga. Han har mellom anna blitt kjend for utspelet om at krisepsykologi ikkje hjelp og at krisepsykologar sjeldan klarar å hjelpe mennesker ved hjelp av rutinemessige debrifingar.[1]

Han har vore aktiv i debattane om samfunns- og helseforhold i Norge og om Midtausten-konflikten. Kringlen var den første leiaren i Norske leger mot atomvåpen i 1981.

Kringlen er ein internasjonal kjend forskar.

Han er riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (1998).

Bibliografi

Bøker

  • 1967 – Heredity and environment in the functional psychoses. 1 : An epidiological-clinical twin study (Oslo: Universitetsforlaget) Les boka her
  • 1967 – Heredity and environment in the functional psychoses. 2 : Case histories (Oslo: Universitetsforlaget) Les boka her
  • 1972 – Psykiatri (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200022617
  • 1977 – Psykiatri og historie (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202037905 Les boka her  [Redigert av Einar Kringlen]
  • 1979 – Placebo i medisinen (Oslo: Universitetet i Oslo, Inst.for medisinske atferdsfag) Les boka her
  • 1979 – De koronare hjertesykdommers etiologi : en kritisk oversikt (Oslo: Universitetet i Oslo, Inst.for medisinske atferdsfag) Les boka her  [Av: Einar Kringlen, Ulrik Fredrik Malt]
  • 1979 – Kompendium i medisinske atferdsfag. III : Lege/pasient-forholdet (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200019470 Les boka her
  • 1980 – Individ og psykiatri (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200052532 Les boka her
  • 1983 – Syke mennesker og medisinsk behandling : innføring i medisinske atferdsfag (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200058336 Les boka her
  • 1985 – Psykiatri i arbeidslivet (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200075362 Les boka her  [Av: Einar Kringlen, Asbjørn Medhus]
  • 1986 – Medisin og samfunn (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200076652 Les boka her
  • 1986 – Mennesker i utvikling (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200076660 Les boka her
  • 1986 – Pasientbehandling (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200076644 Les boka her
  • 1991 – Psychiatry at the crossroads between social science and biology : festschrift in honour of professor Einar Kringlen on his 60th birthday (Oslo: Norwegian University Press) . ISBN 8200404447 Les boka her  [Red.: Svenn Torgersen, Pål Abrahamsen, Tom Sørensen]
  • 1992 – Depresjoner (Stavanger: Psykiatrisk opplysningsfond) . ISBN 8277860099 Les boka her
  • 1999 – Den kliniske samtalen : kommunikasjon og pasientbehandling (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 82-00-45068-69  [Av: Einar Kringlen, Arnstein Finset]
  • 2001 – Psykiatriens samtidshistorie (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 82-518-4002-3
  • 2007 – Norsk psykiatri gjennom tidene (Oslo: Damm) . ISBN 978-82-04-13350-2
  • 2014 – Sykdom og politisk lederskap : essays om normalitet og avvik i politikken (Oslo: Vidarforlaget) . ISBN 978-82-7990-236-2

Referanser

  1. «Krisepsykologi hjelper ikke», artikkel frå nettstaden forskning.no

Eksterne lenker

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA