Einar  Førde
string(16) "Einar_Førde.jpg" string(12) "Einar_Førde"

Einar Førde

Fødd: 20. januar 1943 Høyanger

Død: 26. september 2004 Oslo

Einar Førde (20. januar 1943–26. september 2004) var ein norsk journalist og politikar for Arbeidarpartiet. Førde var som politikar ein viktig ideolog og strateg. Han var òg kringkastingssjef for NRK.

Einar Førde var fødd i Høyanger som son av Gudleik Førde og Dagny Hagen. Han tok artium ved Eidsvoll landsgymnas, og studerte ved statsvitskap, historie og samfunssøkonomi ved Universitetet i Oslo. Han gjennomførte også Forsvarets russiskkurs. Han var ein lovande idrettsmann, og vann 1500 m under Nordisk juniormesterskap i 1963.

Som politikar var han stortingsrepresentant frå 1969 til 1989, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet, og statsråd i Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Odvar Nordli si regjering frå 8. oktober 1979 til 4. februar 1981 og deretter i Gro Harlem Brundtland si første regjering til 14. oktober 1981.

Etter at han slutta på Stortinget var han deretter kringkastingssjef i NRK frå 1989 til 2001. Siste åra skreiv han artiklar kvar veke i Bergens Tidende, og desse er samla i dei to siste bøkene frå hans hand.

Einar Førde døydde 61 år gamal av kreft etter ei tids sjukdom. Han etterlét seg kona Synnøve Nymo og tre born frå dette ekteskapet, to frå tidlegare ekteskap.

Verv

  • Stortingsrepresentant for Oslo 1969–89 (Akershus 1981–85)
  • Parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet 1986–89
  • Nestleiar i Arbeidarpartiet 1981–89
  • Kyrkje- og undervisningsminister 1979–81
  • Kringkastingssjef i NRK 1989–15. juli 2001

Bibliografi

Bøker

  • 1968 – Det norske klassesamfunnet (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1969 – Amerika og vi (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør Einar Førde]
  • 1970 – Ungdom og samtid : tre generasjonsportretter (Oslo: Tiden Norsk Forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Forfattarar: Einar Førde, Reidar Hirsti og John Sanness]
  • 1976 – Vår velstand og vekst til debatt : u-landenes krav om en ny økonomisk verdensordning : en mer kritisk vekstpolitikk i Norge? (Oslo: Tiden) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør: Sverre Jervell ; medforfattarar: Einar Førde, Runar Hannevold, Halle Jørn Hanssen, Rolf Lasse Lund, Jan Pronk]
  • 1981 – Vi er alle sosialdemokrater : åtte foredrag (Oslo: Tiden) . ISBN 8210020013 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1990 – Smeltedigelen Høyanger (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3455-6 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2002 – Utsyn : innkast mot gravalvorets diktatur (Oslo: Samlaget) . ISBN 2-521-6146-4
  • 2005 – Innsyn : artiklar : 2002-2004 (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6633-4

I bøker – eit utval

  • 1973 – Distriktshøgskule – for kven? : artiklar (Oslo: Samlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør: Steinar Lægreid ; av innhaldet: Ein kjepp i utviklingshjulet / Einar Førde, s. 37-47]
  • 1994 – Næringslivet på anklagebenken (Oslo: Aschehoug) . ISBN 8203047823 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Når næringslivet blir skjellsord / Einar Førde, s. 9-26]

I tidsskrift – eit utval

Bakgrunnsstoff

Tekstar om Einar Førde

  • Tor Obrestad (2007) Einar Førde : ein biografi – Samlaget, Oslo.
  • Frank Rossavik (2007) Stikk i Strid : ein biografi om Einar Førde – Spartacus forlag, Oslo.

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA