David  Bakke
string(15) "David_Bakke.jpg" string(11) "David_Bakke"

David Bakke

Fødd: 30. april 1857 Fjaler

Død: 25. april 1935

David Olsson Bakke (30. april 1857–25. april 1935) var ein gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord.

Bakke var son til ein gardbrukar som fire periodar var varamedlem til Stortinget. Sjølv gjekk han folkehøgskule og landbruksskule før han overtok farsgarden i 1880. Året før, 1879, tok han til som styrar av eit teglverk, ei stilling han hadde i 20 år.

Bakke var medlem av heradsstyret i Ytre Holmedal frå 1884 til -88 og i tida 1894-1911. I ni av åra var han ordførar. År 1887 var han redaktør av Firda og Sygnafylkets avis. Han var formann i venstreforeininga i amtet, og 5. representant frå Nordre Bergenhus amt til Stortinget 1900-03; medlem av næringskomite nr 1. På ny vald til stortingsrepresentant for 1913-15, då for einmannskrinsen Søndfjord, gjenvald for perioden 1916-18. Han var då medlem av vegkomiteen, formann 1917 og det meste av 1918-sesjonen.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA