Dag  H.  Nestegard
string(19) "Dag_H_Nestegard.jpg" string(15) "Dag_H_Nestegard"

Dag H. Nestegard

Fødd: 10. februar 1968 Florø

Dag Hestetræet Nestegard (fødd 10. februar 1968 i Florø) er ein norsk journalist, forfattar, filmprodusent og redaktør. Han vaks opp i Svelgen i Bremanger kommune, og er busett i Ås kommune i Akershus. Nestegard er cand. mag. frå Universitetet i Oslo. Han har også studert radiojournalistikk ved medielinja ved Høgskulen i Volda. Skuleåret 89/90 var han elev på avislinja ved Skjeberg Folkehøyskole i Østfold.[1]

Dag H. Nestegard begynte som journalist i Firdaposten i Florø. Etter studiar i Volda (1992-94) arbeidde han ti år i NRK si nyheitsavdeling på Marienlyst i Oslo, mellom anna som nestleiar i utanriksredaksjonen og som korrespondent i Midtausten hausten 2001. Seinare var han presserådgjevar for fiskeriministaren[2] og samferdsleministaren.[3] Ein periode var han også informasjonssjef i Redd Barna.

Gjennom selskapet Nestegard Media laga han hausten 2007 dokumentarfilmen Vekkelsen for NRK.[4] Brorparten av opptaka er gjort i Egypt. Filmen forklarar samanhengen mellom den islamske vekkinga og terror mot vestlege mål. Nestegard laga filmen saman med NRK-fotograf Mohammed Alayoubi. Hausten 2007 starta Nestegard StangMedia AS saman med to tidlegare kollegaar frå Dagsrevyen, Sølve og Frode Stang.

Frå 2011 til 2014 var Dag H. Nestegard redaktør for Bok & samfunn, eit magasin som dekkjer bokbransjen.[5]

Nestegard har også Master of Arts i litteratur frå 2015, med masteoppgåva Det lange svevet : ein biografi om Kjell Opseth

Bibliografi

  • 2013 – Atlanterhavsflygaren Thor Solberg – ei røvarhistorie (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8307-8
  • 2016 – Hestehandlaren : Kjell Opseth : ein biografi (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8653-6

Kjelder

Referansar
  1. skjeberg.fhs.no: Skjeberg Folkehøyskole, vitja 12. desember 2016
  2. Regjeringen.no: Fiskeriministeren åpner FAO-konferanse, vitja 12. desember 2016
  3. NRK.no (5. september 2008): NRK: Sjåføren legger seg flat, vitja 12. desember 2016
  4. Dagbladet.no (19. november 2007): Den muslimske vekkelsen, vitja 12. desember 2016
  5. bokogsamfunn.no: Magasinets nettsider, vitja 12. desember 2016

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA