Carl A. Olsen (1830–1911) var ein norsk gullgravar, jordomseglar, skipsførar og eventyrar. Han vart fødd i Mandal. Han busette seg seinare i Smørhamn i Bremanger kommune, der han frå 1897 arbeidde som fyrvaktar.

Olsen gav ut fem bøker om opplevingane sine.

Bibliografi

  • 1882 – En Guldgravers Historie : efter Dagbogsoptegnelser fra otte Aars Ophold ved Australias Guldminer (Kristiania: P.T. Mallings Boghandels forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1883 – Mit Ungdomsliv tilsjøs : spredte Optegnelser (Kristiania: P.T. Mallings Boghandels forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1883 – Tyve Aar i Nordsjøen og Kattegat : Spredte Optegnelser (Kristiania: P.T. Mallings Boghandels forlag)
  • 1885 – Guldgraverliv og Sjømandsfærd : Oplevelser og Meddelelser (Kristiania: P.T. Mallings Boghandels forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1886 – Om Bømmeløens guldfelter (Kristiania: P.T. Mallings Boghandels forlag)

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA