Brynjulf  Jung  Tjønn
string(24) "Brynjulf_Jung_Tjønn.jpg" string(20) "Brynjulf_Jung_Tjønn"

Brynjulf Jung Tjønn

Fødd: 15. november 1980 (36 år) Seoul i Sør-Korea

Periode: 2002 –

Debut: Eg kom for å elske, roman

Nettstad: http://brynjulf.no/

Brynjulf Jung Tjønn (fødd 15. november 1980) er ein norsk forfattar. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. I tillegg har han publisert tekstar i antologien Signaler 2001.

Tjønn var fødd i Seoul i Sør-Korea, men i 1982 vart han adoptert til Noreg og Feios i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Brynjulf Jung Tjønn vart i juni 2017 tilsett som redaktør for barn og unge i forlaget Samlaget.[1]

Brynjulf Jung Tjønn er redaktør i Bokvennen Litterær Avis.

Bibliografi

Bøker

  • 2002 – Eg kom for å elske (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6008-5
  • 2008 – Lyden av noen som dør : roman (Oslo: Cappelen) . ISBN 978-82-02-28415-2
  • 2009 – I morgen skal vi sitte i solen (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-04-15250-3
  • 2011 – Kinamann : roman (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-36214-0
  • 2012 – Fotballskoene (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-35861-7  [Illustrert av Lisa Aisato]
  • 2013 – Så vakker du er : ungdomsroman (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-41595-2
  • 2016 – Den finaste historia (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-48407-1  [Brynjulf Jung Tjønn & Øyvind Torseter]
  • 2017 – Alt det lyse og alt det mørke (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-43984-2

I bøker – eit utval

  • 2001 – Signaler 2001 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-20191-8  [Av innhaldet: Tre dikt / Brynjulf Jung Tjønn, s. 60-61]
  • 2001 – Temp 2001 (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-24418-1  [Av innhaldet: Lukk øynene, memorer / Brynjulf Jung Tjønn]
  • 2013 – Tapt og funnet : 9 historier om å være omtrent 14 (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-39004-4  [Av innhaldet: Eg må halde meg fast i deg / Brynjulf Jung Tjønn]
  • 2014 – Kampklar : 11 noveller om verdens beste oppfinnelse (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-42269-1  [Av innhaldet: Kameratar / Brynjulf Jung Tjønn]

Prisar

  • 2013 – Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomslitteratur for Så vakker du er

Referansar

  1. Samlaget 2017, 21.06.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA