Botolv Hov (fødd 1922) er ein norsk industrigründer og Arbeidarparti-politikar. Han er fødd Fresvik i Vik kommune (tidlegare Leikanger kommune), og store delar av året busett på Styvi i Nærøyfjorden i Aurland kommune. Hov var medskipar av Fresvik Bærlag i 1956, og bygde privat fryseri for bær i 1957. Han starta Fresvik Produkt AS i 1980 for å produsere element for kjøleromsveggar. Fresvik Produkt utvikla seg til ei suksessverksemd med 50 tilsette og ei omsetning på kring 50 millionar kroner i 2001.

Hov sat i Leikanger kommunestyre i to periodar, ein av dei i formannskapet. Etter at han flytta til Styvi, sat han ein periode i Aurland kommunestyre.

I tillegg har han hatt fleire andre tillitsverv i begge kommunar. I 1993 opna han og ektemaken Kjellaug gardsmuseum og starta gardsturisme på Styvi. Hov gav i 2006 ut historieboka «Styvi i Nærøyfjorden» (Skald forlag). Botolv Hov er tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Bibliografi

Bøker

  • 2006 – Styvi i Nærøyfjorden (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-078-1

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA