Bjørg G. Hovland (fødd 1941) er ein norsk bunadprodusent. Ho er frå Luster. Hovland har rekonstruert fleire eldre draktplagg i indre og midtre Sogn, mellom anna har ho bygd på bilete av nasjonalromantiske kunstnarar som Johannes Flintoe og J.C. Dahl.

Hovland syr bunader, har halde kurs i bunadssaum og om hovudplagg, og ho har skrive artiklar i fagblad og bøker om bunader.

I 2014 gav Hovland ut boka «Folkedrakter og bunader frå Sogn» (Skald Forlag). Ho er tildelt «Gullnål med Diplom» frå Norges Husflidslag, og ho fekk Luster kommune sin kulturpris i 1996.

Bibliografi

Bøker

  • 2014 – Folkedrakter og bunader frå Sogn : ei reise i tid og landskap (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-199-3

I bøker – eit utval

  • 2000 – Dale kyrkje : 750 år (Luster: Dale kyrkje) . ISBN 82-7326-058-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innahaldet: Prestegardsliv på Dale / Bjørg G. Hovland, s. 120-151]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA