Bjarte  Bruland

Bjarte Bruland

Fødd: 11. april 1969 Førde

Bjarte Bruland (fødd 11. april 1969) er ein norsk historikar og er frå Førde i Sunnfjord. Han har historisk-filosofisk embetseksamen frå Universitetet i Bergen med historie som spesialfelt.

Akademisk arbeid

Bjarte Bruland har forska mykje på skjebna til jødane i Noreg under andre verdskrigen. Han var tilsett som prosjektleiar ved Jødisk Museum i Oslo frå 1. januar 2007 til 31. desember 2014 der han hadde ansvar for utstillingar, innsamling av foto og gjenstandar til samlinga i museet og andre gjeremål. Bjarte Bruland har også vore engasjert i fleire andre studie, formidling-og forskingsprosjekt om lagnaden til dei norske jødane.

Bruland var medlem i det offentleg nedsette utvalet der mandatet var å granske kva som skjedde med eigedomane til dei norske jødane under og etter den andre verdskrigen. I granskinga NOU 1997 : 22 Inndragning av jødisk eiendom i Norge under den 2. verdenskrig utarbeidde og førte Bjarte Bruland i lag med Berit Reisel utgreiinga til mindretalet. Det blei seinare lagt til grunn av regjering og Storting.

Bjarte Bruland har i 2000-2015 arbeidd med ein database over jødar i Noreg med formål å kartlegge lagnaden til dessse under verdskrigen 1940-1945.

Boka Holocaust i Norge : registrering, deportasjon, tilintetgjørelse (2017) er ei vidareføring av eit treårig doktorgradsstipend frå Universitetet i Bergen med arbeidstittel Norge og Holocaust, ca. 1925-1950. I eit intervju med Bjarte Bruland i vekeavisa Dag og Tid blir det hevda at boka kan bli eit referanseverk om holocaust i Noreg.[1]

Bjarte Bruland er tildelt statsstipend frå 2019 i samband med dokumenteringa og synleggjeringa av lagnaden til dei norske jødane under den tyske okkupasjonen april 1940 til mai 1945.[2]

Bibliografi

Bøker

  • 2008 – Det norske holocaust : forsøket på å tilintetgjøre de norske jødene (Oslo: HL-senteret) . ISBN 9788299750394  [Temahefte frå Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter]
  • 2012 – Øyenvitner : rapport etter norske jøders hjemkomst fra konsentrasjonsleiren (Oslo: Dynamo) . ISBN 9788280712646
  • 2017 – Holocaust i Norge : registrering, deportasjon, tilintetgjørelse (Oslo: Dreyer forlag) . ISBN 9788282651424

Kjelder

  • Hustad, Jon (2017). «Jødeutryddinga sedd frå Noreg». Dag og Tid (18): 12. 
  • Regjeringa (08.10.2018). «Statsstipend til Evy Johanne Håland og Bjarte Bruland». Statsbudsjettet 2019.  Pressemelding.

Referansar

  1. Hustad 2017:12.
  2. Regjeringa 08.10.2018

Bakgrunnsstoff

  • Oluf Skarpnes (utvalsleiar), Bjarte Bruland, Thor Falkanger, Eli Fure, Ole Kristian Grimnes, Berit Reisel, Guri Sunde,Torfinn Vollan (Utvalsmedlemmane) (1997). 1997:22 Inndragning av jødisk eiendom i Norge under den 2. verdenskrig. Oslo: Statens forvaltningsteneste. CS1-vedlikehald: Fleire namn: forfattarliste (link) [Serie: Norges Offentlege Utgreiingar (NOU)]


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA