Bernhard  Folkestad
string(27) "Bernhard_Folkestad_1920.jpg" string(23) "Bernhard_Folkestad_1920"

Bernhard Folkestad

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 13. juni 1879 London

Død: 9. mars 1933 (53 år)

Yrke: Målar og forfattar

Løvtrær i høstdrakt med skjærer, 1914

Bernhard Dorotheus Folkestad (13. juni 1879–9. mars 1933) var ein norsk kunstmålar og forfattar.

Liv og gjerning

Folkestad var son til emissæren Abraham Folkestad, fødd i London men voks opp på Folkestad i Fjaler. Han vart utdanna i Noreg, med korte opphald hos Laurits Tuxen og Kristian Zahrtmann i København i 1902 og 1903. Seinare var han på studieturar til Amsterdam i 1907, og Paris i 1909. Siste staden var han elev av Christian Krohg. Til å begynne med måla han store stillebensbilete av grønsaker eller levande fjørfe, samt enkelte interiør. Hans mest kjente måleri frå yngre år er Mørkeloftet frå 1905.

Folkestad slo gjennom i 1914 med ein festleg frise i ein av paviljongane under jubileumsutstillinga 1914. Dei neste åra laga han mange dekorative arbeid med fargerike motiv i rikfolk sine hus. Han måla altartavla i Rjukan kyrkje i 1917 og «Drammenskomposisjonen» i Drammens handelsforening. Folkestad laga også ein del tresnitt. Arne Durban seier i Norsk Allkunnebok at Folkestad «førde ein brei og frodig pensel og var ein glad og saftig kolorist».

Folkestad skreiv ei mengd avisartiklar. Desse artiklane vart samla og trykt i bøkene Blå hjul (1923), Svingdøren (1926), Sol og morild (1929) og Gullfisken (1933).

Verk

Måleri

  • Paa Mørkeloftet, 1905
  • Grønsager, 1906
  • Høns i høstsol, 1906
  • Sommernat, 1908
  • Pariserfrokost, 1909

Bøker

Kjelder

  • Norsk Allkunnebok IV. bandet, 1953

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA