Bård  Vegar  Solhjell
string(44) "Stopdld_demo_oslo_Bård_Vegar_Solhjell_2.jpg" string(40) "Stopdld_demo_oslo_Bård_Vegar_Solhjell_2"

Bård Vegar Solhjell

Fødd: 22. desember 1971 Kristiansand

Bård Vegar Solhjell (fødd 22. desember 1971) er ein norsk politikar i Sosialistisk Venstreparti. Han var i to periodar statsråd i Jens Stoltenbergs andre regjering og han har vore stortingsrepresentant for Akershus sidan 2009. Han kunngjorde 1. juni 2016 at han vil trekke seg frå politikken og ikkje søke attval i 2017.[1][2]

Bakgrunn

Solhjell er fødd i Kristiansand og oppvaksen i Naustdal i Sogn og Fjordane. Han er utdanna statsvitar frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo med fagkretsen sosiologi, samanliknande politikk og idéhistorie.

I skuleåret 1990–1991 arbeidde Solhjell som ufaglært lærar ved Instedalen skule i Naustdal, og i 1995 var han tilsett i Posten i Bergen. I tillegg har han jobba på postkontor i Oslo og ein kort periode i Danmark.

Solhjell er ein habil sjakkspelar.[3]

Politisk liv

Sosialistisk Venstreparti

Solhjell var nestleiar i Sosialistisk Ungdom frå 1992 til 1994. Deretter vart han politisk rådgjevar for SVs stortingsgruppe. Han har vore sentralstyremedlem i Sosialistisk Venstreparti sidan 1999. Mellom 2001 og 2005 var han partisekretær i SV. Han vart vald til nestleiar i partiet 25. mars 2007. Valet skjedde under ei kampvotering på partiet sitt landsmøte, der Solhjell fikk 114 stemmer og motkandidaten Ingrid Fiskaa 90 stemmer. Då Kristin Halvorsen hausten 2011 kunngjorde at ho på partiet sitt landsmøte påfølgande vår ville gå av som partileiar, var Solhjell ein av tre som melde seg som kandidat til vervet. Han trakk seg etter kvart og overlet kampen om leiarvervet til Audun Lysbakken (som vart vald) og Heikki Holmås.

Storting og regjering

Ved danninga av Stoltenberg-regjeringa i 2005 vart Solhjell statssekretær ved statsministeren sitt kontor, og to år etter (hausten 2007) overtok han som kunnskapsminister.

Ved stortingsvalet 2009 vart Solhjell vald inn frå Akershus. Han gjekk like etter ut av regjeringa. På Stortinget var han 2. nestleiar i Utanriks- og forsvarskomiteen og parlamentarisk leiar for SV si gruppe.

Då Audun Lysbakken våren 2012 trakk seg frå regjeringa, trødde Solhjell igjen inn som statsråd, denne gang som miljøvernminister. Han vart også medlem av Regjeringa sitt underutval, saman med Arbeiderpartiet og Senterpartiet sine leiarar. Solhjell vart dermed SV sin reelle leiarskikkelse i regjeringa og var formelt statsministeren sin stadfortredar.

Solhjell vart attvald til Stortinget ved valet i 2013 og var vanleg medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen og nestleiar i SV sitt gruppestyre. Frå hausten 2014 var han også medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Hausten 2011 ga Solhjell ut boka Solidaritet på ny, der han skisserte tankar og visjonar for SV si vidare utvikling. Her presenterte han det raudgrøne regjeringssamarbeidet som eit langsiktig strategisk prosjekt som burde vidareførast uavhengig av valresultat.

Andre verv

  • 2015– : Medlem i sentralstyret i Norges sjakkforbund
  • 2002–2005: Medlem i Kringkastingsrådet
  • 2003–2004: Leiar SV sitt Europautval
  • 2000: Medlem av utreiingsutvalet for NOU – 2000 Et nytt forsvar
  • 1999–2000: Leiar av SV sitt sikkerheitspolitiske utval
  • 1993–1995: Medlem av SV sin prinsipprogramkomite
  • 1992–1993: Rådsmedlem i Nei til EU

Bibliografi

Bøker

  • 1999 – Vår sikkerhet : et debatthefte om sikkerhetspolitikk (Oslo: SV) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 2011 – Solidaritet på ny (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7872-2
  • 2014 – Sjakk : ei kjærleikshistorie (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8660-4
  • 2017 – Uro : ei historie om Norges framtid (Oslo: Kagge) . ISBN 978-82-489-1973-5

Referanser

  1. Solhjell ferdig i norsk politikk (2016-06-01).
  2. Holmås og Solhjell sier nei til gjenvalg – Solhjell ferdig med norsk politikk. NRK.
  3. NRK Sjakkstudio 18.11.13, VM i sjakk 2013

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Bård Vegar Solhjell

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA