Atle Magnus Færøy

Fødd: 19. januar 1932

Atle Magnus Færøy (fødd 19. januar 1932) er ein norsk biletkunstnar frå Færøyna i Solund.

Færøy er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Han debuterte i 1964 i Statens Kunstutstilling, og har i ettertid hatt ei rad offentlege utsmykningsoppdrag, mellom anna ved Fredriksten festning (vegg, 1985) og Kristiansund sjukehus (vegg, 1987). Færøy er innkjøpt både av Nasjonalgalleriet og Riksgalleriet.

Han bur og har galleri i Aureosen i Fræna saman med biletkunstneren Anne-Brit Krag.

Bibliografi

  • 1976 – Grafikk med enkle midler (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205078564 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Estland – Vestland: eit prosjekt for 6 biletkunstnarar (Fræna: A.Færøy) . ISBN 8299287618 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Omsett til engelsk og estisk]
  • 1997 – Akvareller (Aureosen: A. Færøy) . ISBN 82-90393-88-1
  • 2006 – Horisonten  [Medredaktør: Inger Johanne Brunvoll]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA