Atle Kittang (fødd 20. mars 1941 på Kinn, død 1. juni 2013) var ein norsk forfattar, litteraturteoretikar, litteraturforskar og professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Biografi

Etter å ha teke artium i 1960, tok Atle Kittang til å studera ved Universitetet i Bergen. I 1966 fullførte han magistergrad i litteraturvitskap med delstudie innan tysk og fransk. Magisteravhandlinga kom ut på fransk og handla om den surrealistiske kjærleiksdiktinga hans Paul Éluard. Dei neste fire åra jobba han ved universitetet som stipendiat før han blei universitetslektor i fransk litteratur i byrjinga av 1970-talet, stadig ved UiB. Samtidig var han engasjert i doktorgradsavhandlinga si innan fransk litteratur, som handla om den franske lyrikaren Arthur Rimbaud og låg ferdig, på fransk, i 1973. Då det hadde vorte skipa eit nytt, eige institutt for litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 1974, vart Atle Kittang tilsett som den fyrste professoren innan faget [1], ei stilling han blei verande i til han gjekk av for aldersgrensa i 2011. [2] I tillegg hadde han ei rekkje høgtståande verv, m.a. prodekanus ved det historisk-filosofiske fakultetet 1983-1985, og medlem i fleire ulike råd innan humanistisk forsking. Kittang var også professor II i litteraturvitskap ved NTNU, og professor II ved Ibsen-senteret på Universitetet i Oslo. [3] Ifylgje vener og kollegaer ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studie ved UiB var det ingen norsk litteraturforskar som hadde vore opponent ved så mange doktordisputasar som Kittang, bortsett frå professor Francis Bull. [4]

Atle Kittang døydde i juni 2013 etter lengre tids sjukdom.

Forfattarskap

Som litteraturforskar hadde Atle Kittang m.a. interesse for norsk og fransk lyrikk, romanteori og -analyse, særleg innanfor skrivinga til Knut Hamsun, Honoré de Balzac og André Breton, og dramaanalyse, der han tok for seg Henrik Ibsen.

Saman med Asbjørn Aarseth gav Atle Kittang ut Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse. i 1968. Denne har vorte ei svært viktig teoribok for norske litteraturstudentar fram til i dag. Kittang har seinare skrive mykje litteraturteori om kjende forfattarar, både norske og europeiske. Ei av hans viktigaste utgjevingar, Luft, vind, ingenting (1984), tok for seg forfattarskapen til Knut Hamsun og analyserte ideologien i hans romanar på ein kontroversiell måte. Kritikarane meinte at Kittang bortforklåra ideologien i romanane, sjølv om alle måtte medgje at Kittangs observasjonar var skarpe. I Sigmund Freud (1997), gjekk han gjennom verksemda til Sigmund Freud frå ståstaden til ein litteraturvitar. Så, i 2002 kom den store Ibsen-avhandlinga hans ut: Ibsens heroisme; frå Brand til Når vi døde vågner. [5] Det siste verket Kittang rakk å gje ut, var Poesiens hemmelege liv (2012) der han tolka både ny og gamal lyrikk. [6]

[7]

Utmerkingar

  • Æresmedlem av Vetenskapssocieteten i Lund.
  • Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.
  • Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.
  • I 2003 vart han tildelt Møbiusprisen for framragande forsking av Noregs Forskingsråd (500.000 kr). [8]

Bibliografi

Bøker

  • 1968 – Lyriske strukturer : innføring i diktanalyse (Oslo: Universitetsforlaget) Tilgjengeleg i Bokhylla.no  [Av Atle Kittang og Asbjørn Aarseth)]
  • 1969 – D’amour de poésie : essai sur l’univers des métaphores dans l’oeuvre surréaliste de Paul Éluard (mag.avh., UiB), 1969. (Bergen: Universitetet i Bergen)  [Mag.avhandling]
  • 1975 – Discours et jeu : essais d’analyse des textes d’Arthur Rimbaud (Bergen: Universitetet i Bergen)  [Doktoravhandling]
  • 1975 – Litteraturkritiske problem : teori og analyse (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200015491 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1976 – Lyriske strukturer : innføring i diktanalyse (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200050270 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Atle Kittang og Asbjørn Aarseth]
  • 1982 – Litteraturforskning og litteraturformidling : perspektiv på ei legitimeringskrise (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200060225 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1983 – Om litteraturhistorieskriving : perspektiv på litteraturhistoriografiens vilkår og utvikling i europeisk og norsk sammenheng (Øvre Ervik: Alvheim & Eide) . ISBN 8290359160 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Atle Kittang, Per Meldahl og Hans H. Skei]
  • 1984 – Luft, vind, ingenting : Knut Hamsuns desillusjonsromanar frå Sult til Ringen sluttet (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205149267 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1987 – Europeisk litteraturteori : fra antikken til 1900 (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200184218 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1988 – Møtestader : utvalde artiklar om litteratur og litteraturteori (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252132022 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1993 – Moderne litteraturteori : en innføring (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 9788200077336 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av Atle Kittang, Arild Linneberg, Hans H. Skei, Arne Melberg]
  • 2002 – Ibsens heroisme : frå Brand til Når vi døde vågner (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-30633-8
  • 2002 – Sju artiklar om litteraturvitskap : i går, i dag og (kanskje) i morgon (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-27816-4
  • 2009 – Diktekunstens relasjonar : estetikk, kultur, politikk (Oslo: Gyldendal) . ISBN 978-82-05-39386-8
  • 2012 – Poesiens hemmelege liv (Bergen: Fagbokforlaget) . ISBN 978-82-450-1383-2

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Fotnotar

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA