Åsmund Ohnstad (fødd 4. september 1950) er ein norsk forfattar og historikar frå Aurland i Sogn og Fjordane. Han har lektorutdanning i språk, samfunnsøkonomi og historie ved universitetet i Bergen. Ohnstad har gitt ut fleire bøker om lokalhistorie på norsk og engelsk. Åsmund Ohnstad har vore leiar i Aurland sogelag.

Han er son av forfattar og historikar Anders Ohnstad.

Bibliografi

Bøker

  • 1994 – Among the fjords and mountains : a summary of Aurland’s history (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-50-4  [Redaktør: Åsmund Ohnstad]
  • 2001 – FBK Voss gjennom 80 år : 1921-2001 (Voss: FBK Voss) . ISBN 82-996136-0-4  [Av Anders Ohnstad og Lauritz Myklebust]
  • 2006 – Undredal og Nærøy : gard og ætt (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-992261-4-7
  • 2008 – Banken til beste for bygda : Aurland sparebank : 1883-2008 (Aurland: Aurland sparebank)
  • 2011 – Ættebok for Aurland frå 1901 til 2010 (Aurland: Aurland sogelag)  [Frå forordet: Boka er ei vidareføring av Bygdebok for Aurland, bind 2, som kom ut i 1964]
  • 2013 – Ættebok for Vossestrand. 2 (Voss: Nemnda)  [Redaktør Åsmund Ohnstad]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA