Åsmund Husabø Eikenes

Fødd: 1986 Leikanger

Åsmund Husabø Eikenes (fødd 1986) er ein norsk forfattar frå Leikanger i Sogn og Fjordane. Han har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo.

Eikenes fekk Forskerforbundets Hjernekraftpris for 2013 for formidling av celledeling hos bananfluger.

Hausten 2016 gav han ut ei populærvitskapleg bok om hender. Boka heiter Handboka : alt du vil vite om hendene dine – og litt til.[1]

Bibliografi

Bøker

  • 2016 – Handboka : alt du vil vite om hendene dine – og litt til (Oslo: Samlaget)

Kjelder

  1. Alt du vil vite om hendene dine – og litt til. Samlaget. Vitja 26. januar 2017.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA