Åsmund Berthelsen

Fødd: 1952 Åmdals Verk

Åsmund Berthelsen (fødd 1952) er ein norsk lærar, journalist, forleggjar, politikar og forfattar. Han er frå Åmdals Verk i Tokke kommune, og busett i Naustdal.

Berthelsen var leiar i Senterungdomens Landsforbund 1974-1978, han var medlem av Naustdal kommunestyre for SV frå 1988, og var også varaordførar ein periode. Han var redaktør av Dølaposten på Otta 1978-1980.

I 1980 starta Berthelsen Sogn og Fjordane Magasin, og dreiv dette fram til 1989. I 1980 starta han også Sogn og Fjordane Forlag, seinare endra til Vestlandsforlaget. Dette vart nedlagd i 2001.

Berthelsen gav ut historia om idrettslaget Tambarskjelvar i 2008 saman med Ivar Longvastøl.

Han har redigert medlemsbladet til Norges Bonde- og Småbrukarlag og vore fylkessekretær for Småbrukarlaget, Nei til EU og SV.

Åsmund Berthelsen er gift med Magni Øvrebotten.

Bibliografi

Bøker

  • 1981 – Bygdenæring eller industri? : artiklar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-2045-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Forfattar Sigmund Borgan. Redaktør Åsmund Berthelsen]
  • 1990 – Framtid for bygdene! : ei artikkelsamling om livsmiljø, jordbruk og bygdesamfunn (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag) . ISBN 82-90576-14-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Åsmund Berthelsen]
  • 1995 – Natur og kultur i Naustdal (Naustdal: Naustdal kommune) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Åsmund Berthelsen]
  • 1996 – Naustdal kommune 1896-1996 : jubileumsskrift (Naustdal: Vestlandsforlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Utgjevar: Naustdal kommune i samarbeid med Naustdal Sogelag. Redaktør: Åsmund Berthelsen. Omslagstittel: Naustdal 100 år]
  • 2008 – Eldsjeler, dugnad og talent : Tambarskjelvar idrettslag gjennom 100 år (Naustdal: Tambarskjelvar) . ISBN 978-82-303-1003-8  [Av: Åsmund Berthelsen, Ivar Myklebust Longvastøl]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA