Arvid Follevåg

Fødd: 1937

Arvid Follevåg (fødd 1937) er ein norsk rådmann. Han er fødd i Askvoll kommune. Follevåg vart utdanna ved Politiskulen, og gjorde teneste som politimann i Årdal, Naustdal og Fjaler, før han i 1970 vart formannskapssekretær i Fjaler kommune. Stillinga vart i 1975 endra til kontorsjef og seinare til rådmann. Follevåg var rådmann i Fjaler fram til 1998, då han tok eitt års engasjement som dagleg leiar for Hauglandssenteret.

Follevåg har hatt ei rad tillitsverv i Røde Kors og innan idrett på lokal- og fylkesplan.

I 2006 gav han ut historia om historia og utviklinga av Askvoll sentrum.

Bibliografi

Bøker

  • 2006 – Askvoll : kommunesenteret ved Sunnfjordleia : ei 1900-talsvandring frå Lensmannsgarden på Røyset til skulen ved «Bruna» (Askvoll: Askvoll sogenemnd) . ISBN 978-82-991605-9-9

I tidsskrift – eit utval

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA