Arve  Sandal
string(15) "Arve_Sandal.jpg" string(11) "Arve_Sandal"

Arve Sandal

Arve Sandal (fødd 1948) er ein norsk journalist. Han er fødd på Sandane i Gloppen kommune, og busett i Førde. Sandal var journalist i Sunnmørsposten 1974-1982 og NRK Sogn og Fjordane 1982–1986. Saman med Ole Fretheim skipa han videoproduksjonsselskapet Vest Vision i Førde 1986.

Frå 1991-2001 var Sandal redaksjonssjef ved NRK Sogn og Fjordane og frå 2001-2013 var han banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Då vart han tilsett som prosjektleiar for Nynorsk avissenter.

Sandal har stått sentralt i arbeidet med Konjunkturbarometeret for Sogn og Fjordane sidan det vart skipa i 2002.

Arve Sandal har gitt ut fleire praktbøker.

Bibliografi

Bøker

  • 2008 – Rein luksus : frå Stad til Storen (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-133-7  [Tekst Arve Sandal ; foto Arve Ullebø]
  • 2011 – Reint eventyr : frå Hornelen til Galdhøpiggen (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-163-4  [Tekst / Arve Sandal ; foto: Simone Stibbe og Arve Ullebø]

I bøker – eit utval

  • 2011 – Rapport fra golvet : om barn – for barn og voksne (Ålesund: Nordvest informasjon) . ISBN 8290330006 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redaktør Oddvar Nilsen. Ein av bidragsytarane er Arve Sandal]

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA