Arnfinn Bruflot

Fødd: 19. oktober 1904 Naustdal

Død: 1999

Arnfinn Bruflot (19. oktober 1904–1999) frå Naustdal var målar, journalist og forfattar. Han tok artium ved Firda gymnas i 1927. I 1928 emigrerte han til Amerika og var sidan busett der. Ein kort periode var han redaktør av Western Viking og han var også med i redaksjonen i Ny Verd, avisa til Vinland Mållag, der han var aktivt med.

Før Bruflot reiste til Amerika, fekk han publisert nokre få dikt i ulike aviser, men det var ikkje før han nærma seg pensjonistalderen at han tok til å skrive for alvor. Bortsett frå nokre få dikt på engelsk har alt han har skrive, vore på nynorsk. Bruflot debuterte i 1969 med diktsamlinga Junibåten, og han har til saman gitt ut fem diktsamlingar og ein roman, Inn i Amerika (1980). Alle bøkene er publiserte i Noreg, sjølv om han budde i USA medan han skreiv dei.

Diktinga til Bruflot er på mange måtar ulik den tidlege norskamerikanske litteraturen. Sjølv om han ofte er kritisk til det amerikanske samfunnet, er det likevel eit harmoniserande amerikabilete som vert rådande til slutt. Både romanen og dei fleste dikta hans er prega av opplevingane og refleksjonane til ein immigrant. Bruflot er ein skarp observatør, og mange av dikta har visuelle trekk, og dei er enkle både i form og innhald.

Bibliografi

Bøker

I bøker – eit utval

  • 1990 – Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 (Naustdal: Sogn og Fjordane forlag) . ISBN 82-90576-13-7 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Arnfinn Bruflot s. 133-137]
  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6  [Av innhaldet: Arnfinn Bruflot]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA