Anne Viken

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 10. august 1979 (37 år)

Yrke: Veterinær, journalist

Periode: 2010 –

Debut: XXX

Anne Viken (fødd 10. august 1979)[1] er ein norsk veterinær, statsvitar, bloggar, skribent, journalist, samfunnsdebatant og forfattar frå Bygstad.[2]

Viken er utdanna veterinær frå Norges Veterinærhøgskule og har bachelorgrad i internasjonale studiar frå Universitetet i Oslo. Ho har vore nyhenderedaktør i studentavisa Universitas og arbeidd som journalist i Dagbladet, Dagens Næringsliv, Firda og Klassekampen.

Ho debuterte som forfattar med kortprosaboka XXX utgjeve på Flamme Forlag i 2010 og gav i 2012 ut barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane på Samlaget.

Bibliografi

Bøker

  • 2010 – XXX – kortprosa (Flamme forlag)
  • 2012 – Elise og mysteriet med dei døde hestane – barnebok (Oslo: Samlaget)
  • 2013 – Elise og mysteriet på hesteklinikken – barnebok (Oslo: Samlaget)
  • 2014 – Elise og mysteriet på Hesteøya – barnebok (Oslo: Samlaget)

I bøker – eit utval

  • 1991 – Barnetimeboka. 91/92. Mysteriet på Bergensbanen (Oslo: NRK) . ISBN 82-990823-8-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av illustratørane: Anne Birgitte Viken,]

I tidsskrift – eit utval

Referansar

  1. «Anne Viken (10.08.1979)». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum).
  2. «Anne Viken». Nettstaden til Samlaget. Vitja 17. mars 2017.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA