Anne-Pia  Nygård

Anne-Pia Nygård

Fødd: 10. august 1977 Sandane

Anne-Pia Nygård (fødd 10. august 1977) er ein norsk forfattar frå Gloppen i Sogn og Fjordane. Ho har ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur og grunnfag i engelsk.
Nygård vart fødd med ein ryggskade som vart forverra etter kvart som ho vaks. Ti år gammel vart ho lam. Forfattarskapen byggjer på erfaringene hennar i møte med livet som funksjonshemma. Boka «Det som ingen ser» er retta mot helsepersonell og andre som jobbar med barn og ungdom, og ho gir eit perspektiv på livet til ein rullestolbrukar, der Nygård tek lesaren med inn i tankane og erfaringane til personen i rullestolen.

Bibliografi

Bøker

  • 2009 – Det som ingen ser (Rasta: Norske bøker) . ISBN 978-82-8112-130-0

Kjelder

  • 2009 – Det som ingen ser  [Baksidetekst om forfattaren]

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA