Anne Karin Torheim

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 12. mai 1953 (64 år) Bergen

Yrke: Skodespelar, litteraturkritikar

Periode: 1990 –

Debut: Tida er verken ute eller inne

Anne Karin Torheim (fødd 12. mai 1953 i Bergen)[1] er ein norsk forfattar, litteraturkritikar, omsetjar og skodespelar. Ho voks opp i Eid kommune i Sogn og Fjordane, og er i dag busett i Stavanger.[2]

Ho debuterte med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne i 1990, og sidan har ho gjeve ut to diktsamlingar til, éi prosabok og éin roman. Dessutan er ho representert i antologiar for både vaksne og born, og i læreverk for både grunnskulen og vidaregåande skule.[3] Torheim har også omsett Alice Sebold-romanane Nesten evig (2008) og Alle min kjære (2004) til nynorsk.[3]

Som skodespelar har ho hatt engasjement ved Den Nationale Scene, Sogn og Fjordane Teater, Riksteatret og Rogaland Teater.[2]

Torheim sat i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening i seks år.[3]

Bibliografi

Bøker

  • 2002 – Kven er redd for Sonja Henie? : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5998-2
  • 2013 – Susanna Moodies dagbøker (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-41735-2  [Forfattar: Margaret Atwood ; gjendikting ved Anne Karin Torheim]

I bøker – eit utval

  • 1990 – Signaler ’90 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-12026-8  [Inneheld dikt av Anne Karin Torheim]
  • 1993 – Katten må sova ute : lesestykke for barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4166-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Petra S. / Anne Karin Torheim, s. 45-47]
  • 1995 – Natt i nytt hus : nye dikt for deg og andre barn (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4614-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Inneheld 2 dikt av Anne Karin Torheim: Tokt. Kom, kom snart, s. 90-92]
  • 1999 – Stemmer frå Rogaland (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5406-9 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Av innhaldet: Bobler / Anne Karin Torheim, s. 165-169]
  • 2004 – Norske landskap (Stavanger: Wigestrand) . ISBN 82-91370-49-4  [Av innhaldet: På tur med guide / Anne Karin Torheim]

I tidsskrift – eit utval

Referansar

  1. Anne Karin Torheim. forfatterkatalogen.no. Vitja 29. november 2016.
  2. 2,02,1 Anne Karin Torheim. Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Vitja 29. november 2016.
  3. 3,03,13,2 Anne Karin Torheim. Nettstaden til Det Norske Samlaget. Vitja 29. desember 2016.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA