Anne Gullestad (fødd 26. oktober 1925 i Kvinesdal, død 1. april 1998 i Bergen) var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef.[1] Ho var også forfattar av dramatikk og prosa.[2] Gullestad var den første teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater og seinare for Riksteatret.[1] Ho skipa sjølv Hordaland Teater og Vestlandske Teaterlag og var med på å utvikla teaterbåten «Innvik».[3] Som skodespelar opptredde ho ved norske hovudstads- og distriktsteater, men som instruktør arbeidde ho også mykje for amatørteater og lokale sogespel.[1]

Familie og utdanning

Anne Gullestad var dotter av Arntz Marcus Bøgvald Gullestad (1898–1968), som selde landbruksmaskinar, og Gunda Mydland (1898–1984), som var gardbrukar.[2] Ho tok examen artium i 1945 og blei deretter teken inn i det fyrste kullet ved elevskulen til Det Norske Teatret i 1945–1948.[2] Etter eit år som hospitant ved Den Nationale Scene i Bergen tok ho tilleggsutdanning i regi og fjernsynsproduksjon ved University of Georgia i USA.[2] Ho vart knytt til universitetsbyen Athens, og vitja seinare universitetet som gjesteprofessor eller instruktør ei rekkje gonger.[2]

Gullestad gifta seg med advokaten Wilhelm Jakob Haaland i 1952.[2] Dotter deira Agnete Gullestad Haaland blei også skodespelar og teaterengasjert.[4]

Skodespelarkarriere

Debuten til Gullestad fann stad i 1950 på Den Nationale Scene i Oslo, der ho arbeidde fram til 1977.[2] Debutstykket hennar var Hushjelpene av Jean Genet.[2] Ho bygde opp eit stort repertoar med ei rekkje ulike tittelroller, som Anne Pedersdotter, An-Magritt, Kristin Lavransdatter og Madame Bovary.[2] Ho spelte også roller som Titania i En midtsommernattsdrøm av Shakespeare, Jelena i Onkel Vanja av Tsjekhov og Josie Hogan i Måne for misfarne av O’Neill.[2][5]

Gjennom karrieren samarbeidde ho fleire gonger med den amerikanske skodespelaren Earle Hyman.[5] Ho var mellom anna den fyrste som spela lyrikaren Emily Dickinson i Den kvitkledde frå Amherst av William Luce, som Hyman sette opp på Sogn og Fjordane Teater i 1978.[2] Samarbeidet deira hadde byrja allereie på Den Nationale Scene i 1963, med Othello, der Hyman spela tittelrolla og Gullestad Desdemona.[2] Året etter turnerte dei med ein kavalkade frå Shakespeare, og i 1990 spelte dei igjen saman i Sjåfør for Miss Daisy på Riksteatret.[2]

Som filmskodespelar debuterte ho med ei mindre rolle i Døden er et kjærtegn (1949).[6] Seinare hadde ho større roller i mellom andre Maria Marusjka (1973) og Svart hav (1980), og i fjernsynsserien Vestavind.[2]

Instruktør og teatersjef

Anne Gullestad debuterte som instruktør i 1961. Ho sette opp samtidsdramatikk, både frå utlandet, som Mordernes natt av José Triana, Agnes av Kent Andersson, Kjøkkenet av Arnold Wesker, og nye norske stykke.[2]Hjallarbrui av Knut Horvei sette ho opp to gonger, urframsyninga på Den Nationale Scene i 1973 og ti år etter ved Sogn og Fjordane Teater.[2] For NRK Fjernsynet regisserte Gullestad underhaldningsserien Maksværingane i 1971.[2] Ho bidrog også til å setja opp stykke i utlandet, til dømes Peer Gynt i Athens i Georgia i 1970.[7]

I 1977 bidrog Gullestad til skipinga av Sogn og Fjordane Teater i 1977, der ho var teatersjef frå 1980 til 1988. Ho sette gjerne opp urpremierar, og stod for den europeiske premieren til Foxfire, under tittelen Glør i gammal ved ved Sogn og Fjordane Teater i 1985.[2] Det nylege skrivne amerikanske stykket hadde handling frå Appalachia i delstaten Georgia, der ho hadde studert.[8]

Frå 1985 utvikla ho Hordaland Teater som eit regionteater for Hordaland; her var ho kunstnarisk leiar frå 1994 til ho døydde. Gullestad var også teatersjef for Riksteatret frå 1988 til 1994. Ho la opp til samarbeid mellom Riksteatret og lokale teaterlag, og skipa ungdomsteateret Unge Riks i 1994.[2][9]

Utkantteater

Anne Gullestad hadde eit «glødande engasjement for kulturen i distrikts-Noreg».[10] Ho bidrog med startkapital til Vestlandske Teatersenter, som frå 1967 hjelpte til med å utvikla teater i distrikta.[11] I 1989 sette ho også i gang ein distriktsmodell mellom fire fylke til den 3-årige utdanninga av dokkespelarar ved Riksteatret.

I tillegg til utviklinga av fleire former for regionteater var ho med på å utforma fleire lokale sogespel som er blitt spelte opp att år etter år: Kinnaspelet, Mostraspelet, Fimreitespelet og dei fire første Håkonarspela på Fitjar.[1][12] Kinnaspelet regisserte ho frå opningsframsyninga i 1985 fram til ho døydde i 1998.[4]

Ei anna nyvinning var kultur- og teaterbåten «Innvik», som etter ombygging i 1988 kunne vitja norskekysten, særleg vestlandsfjordane, heile året med teaterstykke.[13]

Forfattar

Anne Gullestad skreiv fleire teaterstykke, særleg barnestykke og eventyrdramatiseringar. Ho skreiv òg kriminalbøker. Mykje av forfattarskapen var utført i samarbeid med andre.

Bibliografi

  • 1959 – Mord i festspillbyen : en kriminalroman (Bergen: Eide forlag) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Nina Sandvik Kristensen og Anne Gullestad]
  • 1962 – Det hendte i Roma : en kriminalroman (Bergen: Eide forlag) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Nina Sandvik Kristensen og Anne Gullestad]
  • 1982 – Nikken og Rødhette (Førde: Sogn og Fjordane Teater).
  • 1987 – Sogn og Fjordane teater – 10 år fjordalangs (Førde: Sogn og Fjordane Teater. Saman med Rolf Losnegård og Henning Rivedal).
  • 1990 – Sirkus Kikki – en marionette forestilling for barn fra 2–10 år[sic] (Fana: Hordaland Teater. Saman med Jan Erik Christensen).
  • 1996 – Ibsen om oppvekst – og sjela med på kjøpet (Fana: Hordaland Teater. Saman med Arild Haaland)

Prisar og utmerkingar

For det allsidige arbeidet sitt innanfor norsk kulturliv fekk Anne Gullestad ei rekkje prisar og utmerkingar. Ho var mellom anna æresmedlem i Bondeungdomslaget i Bergen, ho fekk Rampeløktprisen til Bergen Teaterforening for den store innsatsen for teaterbåten i 1986, og ho fekk Paul Harris-medaljen til Rotary.[2] I 1989 vart ho utnemnd til riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin for teater i distrikts-Noreg.[1] Dessutan vart ho òg utnemnd til æresborgar av Athens i Georgia.[2]

Kjelder

Fotnotar


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA