Anna  Jorunn  Avdem
string(21) "Anna_Jorunn_Avdem.jpg" string(17) "Anna_Jorunn_Avdem"

Anna Jorunn Avdem

Fødd: 1952 Lesja

Anna Jorunn Avdem (fødd 1952) er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og frå 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Hovudoppgåva hennar «Gjort kva gjerast skulle» vart gjeve ut som bok i 1984. Saman med Kari Melby gav ho ut «Opp først og sist i seng» 1985, og i 2001 gav Avdem ut «Husmorparadiset», der ho skildrar glansåra for husmorrolla på 1950- og 1960-talet. I 2009 gav ho ut ”Levd liv, ei soge om sogningane og muséet deira” (Skald) saman med Aage Engesæter og Lars Asle Vold.

Avdem var varaordførar i Lærdal frå 2003-2007.

Ho er gift med Jan Olav Fretland og mor til Jostein Avdem Fretland.

Bibliografi

Bøker

  • 1984 – – gjort kva gjerast skulle : om arbeid og levekår for kvinner på Lesja ca. 1910-1930 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200068846 Tilgjengeleg i Bokhylla.no
  • 1985 – Oppe først og sist i seng : husarbeid i Norge fra 1850 til i dag (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 82-00-07512-5 Tilgjengeleg i Bokhylla.no  [Av Anna Jorunn Avdem og Kari Melby]
  • 1995 – «Landhandel med forpligtelse til at holde gjæstgiverie» : Lindstrøm 1845-1995 (Lærdal: Eige forlag) Tilgjengeleg i Bokhylla.no  [Av Anna Jorunn Avdem og Jan Olav Fretland]
  • 2001 – Husmorparadiset : eit tilbakeblikk på husmora i 1950- og 60-åra (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5887-0 Tilgjengeleg i Bokhylla.no
  • 2009 – Levd liv : ei soge om sogningane og museet deira (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-132-0  [Av Anna Jorunn Avdem [og] Aage Engesæter ; foto: Lars Asle Vold]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA