Andreas Engebø (fødd 1937) er ein norsk lærar og forfattar.

Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø har vore lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmedal skule.

Andreas Engebø var den første landskjende idrettsutøvaren i Tambarskjelvar idrettslag, som deltakar på landslaget i kulestøyt i 1957 og 1963. Han vann NM-tittel i vektløfting supertungvekt i 1971, 1972 og 1973, og vart norsk og nordisk meister i styrkeløft i 1967.

Engebø debuterte med diktsamlinga «Trollhegg og rabarbra» i 1986.

Bibliografi

Bøker

  • 1986 – Trollhegg og vill rabarbra (Naustdal: Sogn og Fjordane magasin) . ISBN 82-90576-01-3
  • 2008 – Liv i Låglandet (Holmedal: eige forlag)
  • 2009 – Raud myrull (Holmedal: eige forlag)
  • 2012 – Ørneblikk (Holmedal: eige forlag)

I bøker – eit utval

  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag) . ISBN 978-82-91462-06-6  [Av inhhaldet: Andreas Engebø]

I tidsskrift – eit utval

Lydbøker

  • 2005 – Gråbein ( Spilte sjanser)  [Tekstar Andreas Engebø]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA