Andreas Bjørkum

Fødd: 30. mars 1932 Årdal

Død: 1. april 2014

Andreas Bjørkum (30. mars 1932–1. april 2014) var ein norsk forfattar, språkvitar og professor ved Universitetet i Oslo. Han vaks opp i Naddvik i Årdal kommune. Han tok doktorgraden i 1974 med avhandlinga Generasjonsskilnad i indresognsmål. Bjørkum arbeidde for det meste ved Norsk Målførearkiv ved Universitetet i Oslo og var ein stor kjennar av norske målføre. Han forska også på språkbruken hjå norske forfattarar, mellom andre Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas. Bjørkum gav ut meir enn 200 artiklar og bøker. Han var medlem av Norsk språkråd frå 1980 til 1992.

Bibliografi

Bøker

  • 1964 – Sogn heime og ute : Sognelaget i Oslo 1914-1964 (Oslo: Sognelaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [I redaksjonsnemnda: Andreas Bjørkum, Haakon Blaauw, Eivind Berdal]
  • 1968 – Årdalsmål hjå eldre og yngre : ei utgreiing om formverket med eit tillegg om generasjonsskilnad i lydverk, ordbruk og formverk (Oslo: Universitetsforlaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1974 – Generasjonsskilnad i indresognsmål : talemålet i industribygdi Årdal og dei fire næraste jordbruksbygdene (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 82-00-18025-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1975 – «Æ vell bruk» dialekta mi!» : om målførebruk i ulike situasjonar (Oslo: Noregs mållag, Noregs ungdomslag) . ISBN 8271010360 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1978 – Tidsskrift. Nummer 26. Dikting og diktarar frå Sogn (Kaupanger: Historielaget for Sogn)  [Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
  • 1990 – Fem segner frå Vågå og Lom (1857-1869) : utformingi hjå Ivar Kleiven (Lillehammer: Dølaringen boklag) . ISBN 8290072376 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1992 – Segner frå Sogn (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-90186-85-1  [[[Olav Sande]] ; utgjevne av Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
  • 1996 – Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg. 2 (Oslo: Notabene) . ISBN 82-90723-18-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [redaktører: Andreas Bjørkum, Magne Myhren, Bjørn Aasland]
  • 1998 – Målmeistaren frå Ulvik : ord og former hjå Olav H. Hauge (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5263-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA