Anders Skåsheim

Fødd: 1880 Balestrand

Død: 1965

Anders Skåsheim (1880–1965) var ein norsk bankmann og forfattar av bøker og artiklar i historie, og utgjevar av to diktbøker.

Han var født i Balestrand kommune i Sogn.[1] Skåsheim var initiativtakar til skipinga av Historielaget for Sogn.[2]

I 1950 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.[3]

Anders Skåsheim var sekretær, kontorsjef og soussjef i Vestlandsbanken i Bergen i perioden 1926-1950.[4]

Bibliografi

Bøker

  • 1921 – Bankarbeid (Bergen: Gula Tidend Prenteverk) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1933 – Bodberaren 1 (Bjørgvin: Lunde forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Dikt]
  • 1934 – Bodberaren 2 (Bergen: Lunde forlag)  [Dikt]
  • 1959 – Grønlandssaki  : grunnlag for norrøn samvinna (Leikanger: Det Norrøne Grønlandslaget)
  • 1960 – Segner og sogor frå Kyrkjebø herad (Balestrand: Kviknes bokhandel)
  • 1962 – Nordlands-skipparar frå Tysnes : fiskekjøp og sildesalting i Nord-Noreg (Balestrand: Kviknes bokhandel)
  • 1964 – Noko um det fyrste kjende torskefiske i Finnmark (Balestrand: Kviknes bokhandel) Tilgjengeleg i bokhylla.no

Artiklar

  • (1914) «Amerikabrev» – Til frender fraa Sogn : festskrift utgjeve av Sogns ungdomslag til stemna i Sogndal 2. august 1914, s. 42-43.
  • (1998) «Ikkje i noki bygd har eg set so mykje av baade nytt og gamalt som i Vik» – Pridlao, nr. 2, s. 33, årgang 15. [Frå Sogns Tidend, 1913].
  • (1999) «1500 år gamalt sverdfunn på Vangsnes» – Pridlao, nr. 1, s. 71, årgang 16. [Frå Sogningen 24.3.1958].
  • (1999) «Fraa ei granskarferd i Sogn : Arnefjord og Nessarne» – Pridlao, nr. 3, s. 68-69 [Årgang 16].
  • (1999) «Restaurering av Vangsnes kyrkje i 1957» – Pridlao, nr. 1, s. 70-71 [Årgang 16].
  • (1999) «Varande minne» – Pridlao, nr. 3, s. 51 [Årgang 16].
  • (1999) «Åsa Brekke f. Grøneng 1860-1955» – Pridlao, nr. 3, s. 47 [Årgang 16].
  • (2000) «Åsedalen» – Pridlao, nr. 3, s. 58-59, årgang 17. [Frå Sogningen 15.03. 1963].
  • (2002) «Samferdsla i Sogn på 1950-talet» – Pridlao, nr. 1, s. 85 [Årgang 19].
  • (2004) «Trygdelaget for Sognajekter» – Pridlao, nr. 1, s. 66, årgang 21. [Frå Sogningen 02.03.1953].
  • (2005) «Prydeleg vøling av Vangsnes kyrkje» – Pridlao, nr. 1, s. 74, årgang 22. [Sogningen, februar 1958].
  • (2005) «Ei stormannsgrav ved Sognefjorden : Borlåg i Feios hev vore hovdingsæte» – Pridlao, nr. 1, s. 76-77, årgang 22. [Frå avisa Sogn og Fjordane 9. desember 1953].
  • (2012) «Millom gamle jektekarar» – Pridlao, nr. 2, s. 47-49, årgang 29. [Tidlegare prenta i Sogningen].
  • (2013) «Frå Fjærland (for 100 år sidan)» – Dar breadn kalva, s. 32-34, årgang 14. [Frå Sogns Tidende 14. november 1913].
  • Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Referansar

  1. Bjørkum og Bondevik, 1978, s. 394
  2. Heiberg, 1944, s. 68
  3. Det Norske Kongehus, 2015
  4. Bjørkum og Bondevik, 1978, s. 394

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA