Anders  Redal
string(16) "Anders_Redal.jpg" string(12) "Anders_Redal"

Anders Redal

Fødd: 11. november 1811 Vevring

Død: 22. februar 1896

Anders Andersson Redal (1811–1896) var ein norsk bonde, politikar og haugianar. Han var frå Redalen i Vevring i Naustdal kommune. I ungdommen slutta Redal seg til Haugevenene i Sunnfjord og han reiste som emissær for haugerørsla i om lag 50 år, reisene betalte han med eigne midlar. Anders A. Redal skipa ei av landets første misjonsforeiningar i Vevring i 1844. Sjølv var han leiar for foreininga til 1894.

Redal skreiv salmar, songar, brev og andakter. Fleire av salme- og songtekstane hans er samla i «Nogle ord om mit pillegrims liv, og reiseminder i Morbærdalen», utgjeven av Ingolf Kvamen. Dei fleste av songtekstane med notar er også utgjeve som «Religiøse sange» i «Sogeskrift for Naustdal. 2005»

Anders Redal var ordførar i Vevring kommune 1858-1863.

Bibliografi

Bøker

  • u.å. – Nogle ord om mit pillegrims liv, og reiseminder i Morbærdalen  [Utgjeven av Ingolf Kvamen]
  • 2005 – Sogeskrift for Naustdal. 2005. Anders Redal: Relligiøse sange (Naustdal: Naustdal sogelag)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA