Anders Olai Rindal (7. mai 1878–31. mars 1969) var ein norsk lærar og forfattar. Han var fødd i Eid kommune, gjekk amtsskulen i Florø 1896-1897 og skogskulen i Steinkjer 1901. Rindal var nokre år i Amerika før han kom heim og vart buande på heimegarden. Han arbeidde som lærar fleire stader, m.a. på Hjelle, i Botnane og i Rugsund. Rindal var medlem av kommunestyret i Eid og han var aktiv i ungdomslag.

Rindal har ein stor produksjon av dikt, prologar m.m. og framhaldssoga Sterke makter i Fjordabladet.

Bibliografi

Bøker

  • 1923 – Eit lite songhefte for ungdomslag (Sandane)
  • 1931 – Samfund og kristendom (Sandane: Eige forlag)
  • 1960 – Lyse og mørke dagar (Nordfjordeid: Eige forlag)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA