Anders Ohnstad (fødd 27. juni 1911 i Aurland, daud 4. mai 2007) var ein norsk historikar og forfattar. Han har hovudsakleg gitt ut bøker om lokalhistorie og slektsforsking i indre Sogn. Han vaks opp på Ohnstad i Aurland.

Ohnstad var lektor og historikar og er utdanna cand. mag. ved Universitetet i Oslo i 1945. Han leverte hovudfagsoppgåve i 1943, og ho vart publisert i tidsskriftet for historielaget i Sogn i 1948. Han har vore rektor på Leikanger realskule 1944–1945, lektor ved Sogndal gymnas og realskule 1946–1949, Hornnes landsgymnas i Aust–Agder 1950-1954 og Voss gymnas 1954–1979. Han var fram til sin død, forfattar og slektsforskar på heiltid. I perioden 1956-1971 sat han i rådet for historielaget i Sogn, og i styret frå 1971-1979.

Gjennom omfattande gransking meinte Ohnstad å kunne dokumentera at Sverre Sigurdsson (Kong Sverre) hadde sine røter frå garden Sult i Aurland, som seinere endra familienamnet frå Sult til Ohnstad.

I 1999 vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull. Han er far til Åsmund Ohnstad.

Bibliografi

Bøker

  • 1964 – Ættebok for Aurland : fram til om lag 1900. (Aurland: Aurland sogelag)  [ved Anna Gjerløw og Anders Ohnstad]
  • 1983 – Vangen kyrkje : Vangskyrkja i Aurland : kyrkje og kristenliv : jubileumsskrift (Aurland: [s.l.]) . ISBN 82-90451-04-0
  • 1988 – Gardssoga for Aurland. 1. hefte. Vassbygdi og fjellgardane (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-17-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1990 – Aurland : samling av artiklar frå Aurland. Bd. 3, Till. [Bd. 1] : Glimt frå Aurlandssoga samling av artiklar frå Aurland (Aurland: Aurland sogelag) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1991 – Glimt frå Aurlandssoga : 1. Samling av artiklar frå Aurland (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-31-8 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [skriftstyrar Anders Ohnstad]
  • 1991 – Djup fjord og høg himmel : festskrift til Anders Ohnstad på 80-årsdagen 27. juni 1991 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-90186-79-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Redigert av Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
  • 1992 – Aurland : gnr 12 Aurland i Sogn : gardssoge : den gamle storgarden som vart prestegard og til slutt skulegard (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-40-7 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1994 – Gardssoga for Aurland. Band 2. Ein del av Vangen sokn : frå Skjerdal til og med Tero (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-51-2
  • 1996 – Gardssoga for Aurland. Band 3. Ein del av Vangen sokn : frå Loven til og med Frondalen (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-992261-1-2
  • 1997 – Glimt frå Aurlandssoga. Band 2. Samling av artiklar frå Aurland (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-992261-2-0 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [skriftstyrar Anders J. Ohnstad]
  • 1998 – Gard og grend i Aurland : minne frå eit langt liv (Aurland: Voss Prenteverk) . ISBN 82-994887-0-2 Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1999 – Aurlandsætti i mellomalderen : på Island og her heime (Aurland: s.l.) . ISBN 82-994887-1-0
  • 2001 – Aurland mellom fjell og fjord : tilskot til kultursoga (Aurland: s.l.) . ISBN 82-994887-2-9
  • 2003 – Bygde-Noreg er liv laga : små glimt frå Aurland si kultursoge (Aurland: Eige forl.)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA