Anders Kvellestad (1. mars 1877–8. mai 1957) var ein norsk skulestyrar og forfattar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Han tok lærarskuleeksamen i 1899 og var på språkstudium i England 1913. Kvellestad var lærar ved Florø folkeskule 1913-1915, styrar ved Sørlandets kristelige ungdomsskole 1915-1928. Dei siste åra var Kvellestad busett i Stokke i Vestfold. Han arbeidde ei tid for Bergen Indremisjon, var reisetalar for Langesundsfjordens Indremisjonsselskap og Indremisjonsselskapet.

Bibliografi

Bøker

  • 1904 – Skisser og fortællinger (Kristiania: Lutherstiftelsen)
  • 1934 – Sigrid Vågenes (Skien: Langesunds Indremisjonsselkaps forlag)
  • 1935 – Venstre hånd : historien om en læge (Oslo: Lutherstiftelsen)
  • 1939 – Er underets tid forbi? (Bergen: Lunde)
  • 1940 – Kristen realisme : en utfordring og et svar (Bergen: Lunde)

I bøker – eit utval

  • 1941 – Han hjalp : en samling vidnesbyrd om hvordan Gud grep inn (Oslo: Gry forlag) Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Av innhaldet: Underet / Anders Kvellestad, s. 49-55]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA