Alhed Schou

Fødd: 7. juli 1849 Molde

Død: 1920

Alhed Schou (7. juli 1849–1920) var ein norsk forfattar fødd i Molde.

Alhed Schou, fødd Alhed Petronelle Smith, gifta seg i 1867 med distriktslegen H.M.C. Schou, og budde i Førde frå 1876 til 1892. Ho blei enkje i 1890.

Schou skreiv fleire natur- og folkelivsskildringar. Ho bidrog med tekstar i norske blad som Morgenbladet, Urd, Folkevennen og Husmoderen. Schou skreiv også fleire bidrag til engelske blad, m.a. til Girls own paper (London, 1885), til Summer Number (1890), til Tourist Weekly News (Bergen-London, august 1892), Norwegian Club Year Book (London) og Beyers Weekly News (Bergen, 1905). Ho skreiv ei rettleiing for De Sandvigske samlinger (1905) og ein større kultur- og slektshistorisk monografi over Svanøen i Søndfjord (1912).

Schou opparbeidde seg også ei samling av bondeantikvitetar som enda på Holmenkollen Turisthotell, og som brann opp saman med hotellet. Nokre av gjenstandane er att og finst på i Kunstindustrimuseet i Oslo og Sunnfjord Museum.

Bibliografi

Bøker

  • 1905 – De Sandvigske samlinger (Kristiania) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1906 – The Sandvig collections, Maihaugen, Lillehammer (Christiania)
  • 1912 – Sorenskriver Fredrik Steen in memoriam (Kristiania: Aschehoug)
  • 1912 – Svanøen i Søndfjord : billeder fra gamle dage (Kristiania: Aschehoug) Tilgjengeleg i bokhylla.no

I bøker – eit utval

  • 1950 – Slekten Sverdrup : slektsoversikt, gamle brev, Alhed Schou’s skildinger fra Rosøen og litt om Brodtkorb-slekten (Kristiansund: Eige forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Forfattar: Olaf B. Sverdrup. Medforfattar: Alhed Schou]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Small Sketch of Owl.pngDenne artikkelen er heilt eller delvis basert på materiale frå Nordisk familjebok, Schou, Alhed, 1913.

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA