Albert  Balchen
string(42) "Albert_Henrik_Krohn_Balchen_OB.SZ14520.jpg" string(38) "Albert_Henrik_Krohn_Balchen_OB.SZ14520"

Albert Balchen

Fødd: 8. oktober 1825 Gaular

Død: 12. november 1908 Kristiania

Albert Henrik Krohn Balchen (8. oktober 1825–12. november 1908) var ein lærar, prest, forfattar og stortingsmann, fødd i Gaular.

Balchen var son til ein prest. Han vart student frå Bergens skole i 1844 og vart cand. theol. i 1848. Dei neste åra var han skulelærar og huslærar. Frå 1851 var han styrar ved borgarskulen i Levanger, deretter lærar ved borgar- og realskulen i Christiania. Sidan var han sokneprest i Trysil 1858-67, Sarpsborg 1867-76, Høland 1876-84 og i Larvik 1884-97. Han var ordførar og sparebankdirektør i Trysil, samt medlem av forlikskommisjonen i Sarpsborg.

Balchen representerte Sarpsborg på Stortinget 1868-76 og Larvik og Sandefjord frå 1886 til -91. Han var i 1868-69 medlem av kyrkjekomite nr 1. Dei to neste tingperiodane var han sekretær i kyrkjekomiteen, fram til han i 1876 var han formann for komiteen. Han fekk atter sete i kyrkjekomiteen då han kom innatt på Stortinget, 1886-91. Den siste tingbolken, 1889-91, var han i tillegg medlem av Lagtinget. Balchen var elles medlem av skattelovskommisjonen av 1884.

Han døydde i Kristiania i 1908.

Bibliografi

  • 1851 – Udvalg af christelige Psalmer
  • 1854 – Kort Grundrids af den norske Ord- og Sætningslære (Levanger: A. Balchen)

Kjelder

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA