Aasbjørn  Slettemark
string(24) "Aasbjørn_Slettemark.jpg" string(20) "Aasbjørn_Slettemark"

Aasbjørn Slettemark

Fødd: 3. november 1890

Død: 14. mai 1919

Aasbjørn Slettemark (3. november 1890–14. mai 1919) var ein norsk lærar og forfattar.

Slettemark var frå Naustdal kommune. Han gjekk på Sunnfjord ungdomsskule 1906-1907, tok artium ved Hauges Minde i Oslo 1911 og tok til å studera filologi i 1912. Men han vart sjuk, han lei av pleuritt, og måtte gje opp studiet. I staden tok han ein tilleggsprøve ved Elverum lærerskole, slik at han kunne undervise. Han arbeidde som lærar ved folkehøgskulane i Vefsn og i Gudbrandsdalen.

Slettemark skreiv mellom anna dikt og noveller, trykt i Norsk Barneblad og Unglyden. Men lungesjukdommen førde til hol på ei blodåre i lunga, og han døydde heime i Naustdal, berre vel 27 år gamal.

Noko av det han skreiv vart samla av Julius Gjermundstad og gjeve ut i bokform i 1931. Han var også ein habil kunstmålar og felespelar.

Aasbjørn Slettemark var onkel til den seinare så kjende kunstnaren Kjartan Slettemark.

Bibliografi

Bøker

  • 1931 – Ei samling av dikti, brevi og forteljingane hans (Sandane: Eige forlag) Tilgjengeleg på bokhylla.no  [Samla og utgjeve ved Julius Gjermundstad]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BT-SA