594 resultat:

Du kan avgrense ved hjelp av vala over

Morten Andreas Leigh Aabel

Morten Andreas Leigh Aabel (9. februar 1830–9. mai 1901) var ein norsk lækjar og forfattar. Han var fødd i Sogndal, vart cand. med. 1856 og var lækjar ymse stader 1856-1864. Aabel var distriktslækjar i Indre Sunnfjord, og budde 1864–1876 på Falkenstein i Førde. Han budde i Valdres 1876-1885 og på Toten 1885-1899. Han var son av presten Peder Pave […]

Frode Aga (1977-)

Frode Aga (fødd 1977) er ein norsk journalist, forfattar og musikar. Han er fødd og oppvaksen i Årdal og busett i Oslo. Aga har vore journalist i Sogn Dagblad, Årdal & Lærdal avis, Firda og Sogn Avis, og har vore frilansjournalist i Oslo, for så å bli tekstforfattar i reklamebyrået PR-operatørene. Aga gav ut boka 52 opplevingar i Sogn saman med […]

Jacob Aaland

Jacob Aaland (27. april 1865–18. oktober 1950) var ein lærar, historikar og statsstipendiat frå Randabygda i Stryn. Han var ein pioner i arbeidet med bygdesoger og anna lokalhistorisk gransking, og er særleg kjend for sitt omfangsrike verk Nordfjord fraa gamle dagar til no: II. Dei einskilde bygder, som kom i fem, tildels tjukke, band i tida 1909 […]

Olai Aa. Aalen

Olai Aa. Aalen (22. februar 1874–1949) var ein norsk lærar og forfattar. Han var frå Vevring i Naustdal kommune. Aalen tok eksamen ved Stord lærarskule 1895 og var lærar i Holsen i Førde kommune og i Eikefjord i Flora kommune. Han var også lærar i Vanylven, på Rennesøy og i perioden 1913-1929 var han lærar på Våland skole i Stavanger. I 1929 flyt […]

Kristofer Alme

Kristofer Alme (20. november 1871–5. oktober 1947) var frå Hafslo i Luster kommune. Han var bonde, organisasjonsmann og forfattar. Alme gjekk Sogndal folkehøgskule og skipa i 1892 Hafslo Ungdomslag, der han var formann i 30 år. Han var ein mykje nytta foredraghaldar, og heldt i alt over 300 foredrag kringom i bygdene. Han leia også eit songkor, o […]

Styrkår Almenning

Styrkår Almenning (28. juli 1918–9. oktober 2003) var ein norsk lærar og forfattar frå Vågsøy. Han var også klokkar i Breim kyrkje i mange år.

Anny Berge Alsaker

Anny Berge Alsaker (fødd 1927) er ein norsk forfattar frå garden Berge i Oppstryn i Stryn kommune. Som vaksen flytta ho til Tønsberg, der ho budde lenge. I 1962 flytta ho attende til Stryn. Ho har òg budd i Førde og i Spania. Anny Berge Alsaker har tidlegare arbeidd som hjelpepleiar og fotsoneterapeut. Ho debuterte som forfattar i 2009 med boka Me […]

Olav Åm

Olav Åm (8. januar 1918–25. mai 2009) var ein norsk skulestyrar og skuledirektør. Han var frå Vindafjord, og busett mellom anna i Leikanger. Åm hadde eksamen frå Volda Lærarskule 1941, og i 1941-1942 arbeidde han som lærar i Audnedal og Hegebostad i Vest-Agder. Han var styrar ved framhaldsskulen i Årdal 1942-1943 og rektor ved Årdal Realskule 19 […]

Marit Aamodt

Marit Aamodt (fødd 18. februar 1957) er ein norsk lektor og lyrikar. Ho er frå Gaular i Sogn og Fjordane og er busett i Bergen. I 2008 gav ho ut diktsamlinga Men mitt hjarta vaker.

Ivar Andenæs

Ivar Andenæs (fødd 1947) er ein norsk forfattar og direktør. Han er fødd i Stryn og busett i Gjettum. Han har m.a. arbeidd som journalist i Fjordenes Tidende, Aftenposten og Statens Informasjonstjeneste og som redaktør (vikariat) i Fjordingen. Andenæs var direktør i Statens Medieforvaltning i Fredrikstad frå starten i 1995 til 2002. Frå 2002 til h […]