Mona Fossdal

Mona Fossdal

Fødd: 1970 (54 år)

Yrke: lærar, skribent

Mona Fossdal

Mona Fossdal (fødd 1970) er ein norsk grafisk designar og illustratør, forfattar og avdelingsleiar.

Fossdal er frå Vaksdal i Hordaland, men har sidan 1995 budd i Sogn og Fjordane (i Jølster, Førde og Eikefjord). Fossdal har hovudfag (master) i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen, master i Organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og høgare utdanning innan IKT, mediefag og kunsthistorie.

Frå 1995 til 2014 arbeidde Fossdal som lektor ved Mo og Jølster vgs. Frå 2014 fram til i dag har ho vore tilsett som avdelingsleiar i mediefag og kunstfag ved Hafstad vgs i Førde. Ho har dei siste åra skrive, illustrert og designa ei rekkje biletbøker for barn.

Bibliografi

  • 2012 – Bokstavene fra A til Å (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-8251-213-8
  • 2012 – Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-825-1168-1
  • 2013 – Klokkeboken : lær klokken med rim! (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-825-1241-1
  • 2013 – Robotar er ikkje som deg og meg (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-825-1264-0
  • 2014 – Gøy å lære klokka (Oslo: Juritzen jr.) . ISBN 978-82-93304-28-9  [1. utg.: Sandnes : Publica, 2013 med tittel: Klokkeboken]
  • 2014 – Den gule døren (Oslo: Juritzen jr.) . ISBN 978-82-93304-27-2
  • 2014 – Ingen spøk å telle til 13 (Oslo: Juritzen jr.) . ISBN 978-82-93304-11-1
  • 2014 – Jimi rocker skogen (Sandvika: Barnebokforl.) . ISBN 978-82-92776-41-4
  • 2016 – Fargeglade vampyrer (Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.) . ISBN 978-82-419-1320-4
  • 2017 – Bak den grønne døren (Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.) . ISBN 978-82-419-1431-7

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord