Kristian Elster d.y.

Kristian Elster d.y.

Fødd: 17. mars 1881 Trondheim

Død: 6. november 1947 Oslo

Nasjonalitet: Noreg

Yrke: litteraturhistorikar, jurist, forfattar, skribent, litteraturkritikar, advokat

Barn: Torolf Elster

Kristian Elster d.y.

Kristian Elster d.y. (fødd 17. mars 1881 i Trondheim, død 1947) var ein norsk forfattar, jurist og litteraturhistorikar.

Elster var fødd i Trondheim, men flytta som spedbarn til Førde. I 1888 flytta familien til Oslo.

Elster vart cand. jur. i 1905 og var sekretær i landbruksdepartementet frå 1910. Den litterære debuten hans heitte Fortællinger og kom ut i 1907, medan romantriologien I lære, Landeveien og Mester vert rekna som gjennombrotet hans. Mange reknar Av skyggenes slegt (1919) som den viktigaste romanen hans. Til saman gav Elster ut bortimot 40 romanar, skodespel og forteljingar. Nokre av utgjevingane hans var skrivne under pseudonymet Onkel Hans.

Arbeidet hans som litteraturhistorikar er særleg knytt til verket Illustreret norsk litteraturhistorie, som kom ut i 2 bind 1923-24, og i ei utvida 6-bindsutgåve 1934-35.

Kristian Elster d.y. er son til forfattaren Kristian Elster d.e. og far til forfattar og kringkastingssjef Torolf Elster.

Han mottok diktargasje frå 1937. I 1941 vart han lønna med Gyldendals legat.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift – eit utval

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord