Paula Fure

Fødd: 19. november 1933 Selje

Yrke: forfattar, illustratør, pedagog, skribent

Paula Fure

Paula Elisabeth Fure (fødd 19. november 1933 i Selje kommune i Nordfjord) er ein norsk kunstformidlar og forfattar. Saman med mannen sin, musikaren Svein Westad driv ho Galleri Åkern, eit privat galleri for samtidskunst, i Kongsberg.

Paula Fure har 8 års utdanning frå høgskule og universitet innanfor kunst og kultur, pedagogikk, kunsthistorie, filosofi, estetikk og vitenskaps- og erkjennelsesteori. Ho har mange års undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande skule og høgskule. Paula Fure har i mange år arbeidd som høgskuledosent ved hovudfagstudiet, Avdeling for estetiske fag, Høgskolen i Telemark, Notodden (HiT), innanfor fagområda filosofi, estetikk, kunstfag og forskning.
Paula Fure har vore svært aktiv i arbeidet med kunsformidling på alle nivå, også kombinert med utøvande kunstnerisk arbeid. Ho har drive Galleri Åkern i over 20 år.

Paula Fure mottok i 2003 Kongens fortjenestemedalje i sølv for sitt arbeid innan undervisning, kunstformidling og forskning på det estetiske og kunstfaglege området.

I 2008 mottok Paula Fure, saman med ektemannen Svein Westad, Kongsberg kommunen sin kulturpris for deira mangeårige arbeid for kulturen.

Bibliografi

  • 1989 – Forming : et kunst- og kulturfag (Oslo: Gyldendal) . ISBN 8205182221 I fulltekst ved nb.no
  • 1991 – Erindringsbildets betydning for billedskaping og identitet (Notodden: Telemark lærarhøgskule)
  • 1994 – Som en fugl Føniks : skapende, tenkende, forskende (Oslo: Solum forlag) . ISBN 8256009217 I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – En hyllest til den frie høne (Vinterbro: Atheneum) . ISBN 82-7334-192-5 I fulltekst ved nb.no
  • 1997 – Filosofisk lommebok : circling around the art of creating (Kongsberg: Galleri Åkern) . ISBN 82-993566-0-1  [Redaktør: Paula Fure]
  • 1999 – Keiserens drøm (Oslo: Genesis forlag) . ISBN 8247601001 I fulltekst ved nb.no
  • 2003 – Ordene, bildene, tankene og jeget (Selje: Scriptoriet)
  • 2003 – Anna-Eva Bergman (Selje: Scriptoriet) . ISBN 978-82-997395-0-4  [Medforfattar: Hans Kolstad]
  • 2007 – Angen av Selja. 1 (Kongsberg: Galleri Åkern) . ISBN 978-82-997395-1-1
  • 2007 – Heilagsoger som erkjenning. 2 (Kongsberg: Galleri Åkern) . ISBN 978-82-997395-2-8
  • 2007 – Tenke, skape, forske : en studie i transdisiplinaritet (Kongsberg: Galleri Åkern) . ISBN 978-82-997395-4-2

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne sida brukar materiale frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord